Tap i 4. divisjon

Frå venstre: Jannik Huttenlocher, Ivo Beijersbergen, Håvard Markhus og Aodne Valland spela mot Heros 4

Hardanger BTK sitt andrelag har blitt til felleslaget Hardanger 2/Bergen HIL 2. Onsdag spela laget sesongens andre kamp i 4. divisjon. Heros 4 kom på besøk til Norheimsund. Gjestene vann 6-4. Me stilte med fire spelarar – alle frå Hardanger BTK – i denne kampen; Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen, Aodne Valland og Jannik Huttenlocher. Sigrane kom ved Håvard (3) og Ivo.

Neste kamp er mot Laksevåg 6 i Bergen. Kampdag er ikkje bestemt. Tabell og resultat finn du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.