Nytt tap i 4. divisjon

Frå venstre: Sverre Valderhaug, Håvard Markhus, Kåre Skorpen, lagleiar Jack Feng og Jan Erik Støldal

Felleslaget Hardanger BTK 2/Bergen HIL 3 spela torsdag sesongens tredje kamp i 4. divisjon. Laksevåg 6 var motstandar i Laksevåg Bordtennishall, og dei vann 6-4. Felleslaget stilte med Sverre Valderhaug, Jan Erik Støldal og Kåre Skorpen frå Bergen HIL og Håvard Markhus og lagleiar Jack Feng frå Hardanger BTK. Sigrane kom ved Håvard (3) og Sverre.

Hardanger BTK 2/Bergen HIL 3 ligg sist på tabellen utan poeng etter tre spelte kampar, men alle kampane har vore jamne. Tabell og resultat finn du her.

Neste sjanse til å få poeng vert truleg mot Fjell 2 i Bergen. Kampdag er ikkje bestemt.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.