Laksevågkruset

Laurdag 11. januar arrangerer Laksevåg BTK Laksevågkruset i Olsvik idrettshall i Bergen. Dette vert første turnering i nye Vestland fylke.

I dette stemnet er det mogleg å delta i to singelklassar og det kostar mellom 120 og 150 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, supermagic72@yahoo.no) seinast 9. januar. Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.