Norheimsund Open 2020 – info til eigne medlemer

Laurdag 1. februar arrangerer Hardanger BTK årets utgåve av Norheimsund Open i Norheimsund Idrettshall. I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar pluss dobbel, og for HBTK-medlemer  kostar det mellom 50 og 75 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigne nybyrjarklassar.

Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, supermagic72@yahoo.no) seinast 24. januar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.