Viktige poeng i eliteserien!

Frå venstre: Roger Andersson, Aljaz Godec, Thomas Låte, Jack Feng, Jan Roger Andersson og Andrej Godec

Hardanger BTK sitt førstelag spela i helga tre kampar i eliteserien (Stigaligaen). Det vart som forventa tap i kampane mot dei to topplaga Laksevåg BTK og Stord BTK, men me sikra oss to svært viktige poeng i kampen mot Nidaros BTK!

Hardanger BTK stilte med Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Thomas Låte og Aljaz Godec i helgas kampar. Jack Feng var lagleiar og kom også inn i dobbel i kampen mot Stord BTK. Debutanten Aljaz kjem frå den slovenske klubben til HBTK-medlem Vegar Ljones. Aljaz kom til helgas runde saman med faren Andrej Godez. Sistnemnde er ein av fleire tilsette trenarar i klubben deira i Slovenia, og han bidrog også som coach under helgas kampar.

Laurdag spela me to kampar i Olsvikhallen i Bergen. I den første kampen vart det 6-0-tap mot serieleiar Laksevåg BTK. Roger var nærast siger då han tapte 3-2 i sin singelkamp.

I laurdagens andre kamp vart det 6-2-siger mot Nidaros BTK! Sigrane våre kom ved Roger (2), Aljaz, Thomas, Jan Roger og dobbelparet Thomas/Jan Roger. I tillegg tapte Roger/Aljaz svært knepent 3-2 i sin dobbelkamp. Nidaros BTK hadde passert oss på tabellen med siger, så dette var ein svært viktig siger med tanke på sluttspelplass.

Frå venstre: Aljaz og Andrej Godec

Sundag møtte me Stord BTK i Nordbygdo idrettshall på Stord. Heimelaget stilte med verdas nest beste juniorspelar; Truls Möregårdh. Stord BTK var favorittar på førehand og vann kampen 6-2, men dei måtte verkeleg kjempa for sigeren. Lagkampen var nemleg langt jamnare enn kva sluttresultatet tilseier. Sigrane våre kom ved Roger og dobbelparet Thomas/Jan Roger. I tillegg tapte både Roger og Jan Roger kvar sin femsettar med 3-2 – Roger mot junioreuropameister Möregårdh og Jan Roger mot kongepokalvinnar frå NM i Norheimsund Marcus Wærstad. Roger leia også fram til 7-5 i avgjerande sett medan Jan Roger hadde fire matcballar. Dessutan tapte Aljaz og Thomas to svært jamne kampar med 3-1. Hardanger BTK kunne med andre ord ha overraska med poeng i denne kampen, trass i at me stilte utan vår høgaste rangerte spelar, Daniel Schaffer.

Uansett er Hardanger BTK veldig godt nøgde etter helgas runde. Me ligg no på fjerdeplass på tabellen med åtte poeng av seksten moglege og 31-32 i kampkvote. Det er sju poeng ned til siste plass – som må spela kvalifisering for å unngå nedrykk – når det er åtte poeng att å spela om. Alt me difor gå gale om me skal rykkja ned. Samstundes ligg me på den siste sluttspelplassen, og avstanden ned til neste lag på tabellen auka til tre poeng. Sjansen for å nå sluttspelet har dermed auka etter denne helga – trass i to tap og at Fornebu BTK gjekk forbi oss på tabellen. Målet før sesongstart var først og fremst å unngå nedrykk – framfor siste runde må målet vera sluttspelplass!

Siste runde går helga 15.-16. februar. Då spelar me kampar i Hokksund og på Fornebu.

Terminliste med resultat samt tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.