Siger og tap i Sverige

Jan Roger spela seriekampar i Sverige i helga.

Far og son Roger og Jan Roger Andersson spela denne helga seriespel for Kyrkhults BTK i 2. divisjon i Sverige. Også Niklas Andersson – bror til Roger – spela for Kyrkhults BTK. Med tre Andersson – alle HBTK-medlemer – på laget, vart det ein siger og eitt tap i helga. Kyrkhults har med det vunne fem av åtte kampar så langt i sesongen. Dermed ligg det nyopprykka laget på tredjeplass på tabellen etter helgas runde.

Resultat og tabell finn du her.

Neste helg er det Norges Cup-stemne i Trondheim, der Hardanger BTK deltek med tre spelarar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.