To gull og to sølv til Roger i NC-stemne!

Roger sikra seg to gull og to sølv i helga!

Hardanger BTK stilte med tre deltakarar under helgas Norges Cup-stemne i Trondheim. Alle sikra seg flotte plasseringar! Best gjekk det med Roger Andersson, som sikra seg to gull og to sølv! I den mest prestisjetunge klassen, herrar elite, vart det sølv til Roger etter 4-2-tap mot Eskil Lindholm frå Fornebu BTK i finalen. Jan Roger Andersson vart nummer ni og Jack Feng nummer sytten i klassen.

Roger gjekk til topps i klassen Ranking A både laurdag og sundag. I double A vart han nummer to saman med Jan Roger. Jack spela saman med Brian Egenberg frå Heros. Dei vart nummer to i puljespelet, men var svært nære avansement.

I herrar eldre junior vart det niandeplass på både Jan Roger og Jack.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med resultat og innsats! Neste turnering er Norheimsund Open på heimebane laurdag 1. februar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.