Deltakarliste Norheimsund Open 2020

82 deltakarar er påmelde til årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open. Det er ein auke på 35 frå i fjor! Turneringa vert arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag 01. februar – dagen før klubben vår vert 33 år. Spelarar frå  Laksevåg BTK, Fjell-kameraterne IL,  Stord BTK, Hardanger BTK, Sportsklubben Heros, Bergen HIL og Haugesund BTK deltek.  

Dersom fleire ynskjer å melda seg på er det mogleg fram til ein halvtime før klassestart – enten til Håvard (91535549) eller ved oppmøte i hallen laurdag.

Me ynskjer alle vel møtt til Norheimsund Open 2020!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.