Uavgjort i 4. divisjon

Frå venstre: Sverre Valderhaug, Jan Erik Støldal, Odin Dyrkolbotn og Håvard Markhus

Felleslaget Hardanger BTK 2/Bergen HIL 3 spela torsdag sesongens femte kamp i 4. divisjon. Laksevåg 5 var motstandar i Laksevåg Bordtennishall, og kampen enda 5-5. Dermed sikra me oss eit nytt poeng, to dagar etter at me vann mot Heros 5.

Felleslaget stilte med Sverre Valderhaug, Odin Dyrkolbotn og Jan Erik Støldal frå Bergen HIL og Håvard Markhus og lagleiar Jack Feng frå Hardanger BTK. Sigrane kom ved Håvard (3) og Odin (2).

Hardanger BTK 2/Bergen HIL 3 ligg nest sist på tabellen med tre poeng og 23-27 i kampkvote etter fem spelte kampar. Tabell og resultat finn du her.

Neste kamp er mot Fjell 2 i Bergen, men dato er ikkje fastsett.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.