Knallsterkt NM for Hardanger BTK!

Frå venstre: Jack Feng, Jan Roger Andersson, Roger Andersson (lagleiar) og Thomas Låte sikra Hardanger BTK bronse i herrar eldre junior lag!

Hardanger BTK gjorde det svært godt under helgas NM for eldre junior på Harestua! Totalt sikra klubben seg sju NM-medaljar, noko som er tangering av rekorden vår i antal medaljar i eit norsk meisterskap! Thomas Låte sikra seg som einaste herrespelar medalje i fire klassar!

Hardanger BTK stilte med tre spelarar; Jack Feng, Thomas Låte og Jan Roger Andersson. I tillegg var Roger Andersson med som lagleiar.

I herrar eldre junior lag var Hardanger BTK semiseeda, og laget innfridde forventningane! Laget hadde walk over i første runde og vann deretter 3-1 mot Fokus BTK 2 i kvarten. Sigrane kom ved Thomas (2) og Jan Roger.

I semien vart det eit svært knepent 3-2-tap mot finaleseeda Fornebu BTK. Thomas imponerte med to sterke sigrar, medan det vart knepne tap for oss i dei andre kampane. Både Jack og Jan Roger var berre nokre få poeng frå siger, så me var veldig nære finaleplass. Også i fjor var Hardanger BTK berre marginar frå finaleplass i herrar eldre junior lag.

Uansett er bronse også veldig bra! Me har no teke bronse i denne klassen tre år på rad, og neste år kjem det ein ny sjanse til finaleplass! Me i klubben er stolte over at me er blant dei fire beste klubbane i landet i herrar eldre junior lag, og at me er det sjølv om alle på laget har to eller fleire sesongar att i klassen!

Thomas og Jan Roger fekk NM-sølv i herrar eldre junior dobbel!

I herrar eldre junior dobbel var Thomas og Jan Roger semiseeda, men dei gjekk heilt til finalen! Der vart det eit knepent 3-1-tap mot Gard og Seth Egenberg frå Heros. I to av setta tapte våre gutar 13-11, så dette var ein svært jamn finale. Sjølv om NM-tittel var innan rekkjevidde, er også NM-sølv veldig bra! Jack spela saman med Andreas Dagsloth frå Bodø. Dei fekk først walk over før dei tapte i åttandedelsfinalen.

Thomas Låte sikra seg fire NM-medaljar i helga!

I herrar eldre junior singel vart det ein sterk tredjeplass på Thomas – to dagar før han fyller 19 år! Han spela seg greitt fram til semien, der han rauk med 3-1 mot Finn Vetvik frå Fornebu. Jan Roger og Jack vann begge sine puljer og første runde i sluttspelet før dei tapte i åttandelsfinalen. Begge fekk dermed niandeplass i klassen, men begge var også veldig nære kvartfinale. Jan Roger tapte med knappast mogleg margin – to poeng i femte og avgjerande sett – mot Gard Egenberg i sin åttandedelsfinale. Jack, som er rangert som nummer 28, leia 2-0 i sett og 3-0 i tredjesett, før tianderanka Fredrik Buringrud-Langen snudde kampen. Uansett er me i klubben veldig godt nøgde med å ha alle våre tre spelarar blant dei seksten beste i klassen!

I eldre junior mix dobbel spela Thomas saman med Sarah Horgen frå Stord BTK. Dei sikra seg ein flott tredjeplass etter å ha slått ut eit finaleseeda par i kvarten. Jan Roger og makker Marie Olavesen frå B-72 rauk ut i første runde.

Me i Hardanger BTK er svært godt nøgde med innsats og resultat i helga! Me har marginar mot oss i fleire klassar. Likevel hevdar me oss svært godt og får medaljar i samtlege fire klassar. Med totalt sju medaljar (tre i lag, to i dobbel, ein i mix og ein i singel) gjer me vårt beste NM for eldre junior nokon gong! Jack får sin tredje NM-medalje og imponerer i singel – ein klasse der han rauk ut i puljespelet i fjor. Jan Roger sikrar seg to nye NM-medaljar til samlinga si! Og Thomas tek like godt medalje i alle dei fire klassane!

Me gratulerer spelarane og lagleiar Roger Andersson med eit veldig gjennomført NM!

Neste turnering er NM for senior i Sandefjord 28. februar-1. mars, men før det er det klart for siste og avgjerande samlerunde i eliteserien. Den vert spela i Hokksund og på Fornebu førstkomande helg.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.