Seks NM-medaljar til Hardanger BTK!

Frå venstre: Jan Roger Andersson, Thomas Låte, Jack Feng og Roger Andersson gjennomførte eit svært godt senior-NM!

Roger Andersson vart noregsmeister i mix dobbel og Hardanger BTK sikra seg totalt seks NM-medaljar under Senior-NM i Sandefjord i helga! I tillegg til gullmedaljen til Roger vart det bronse til Jack Feng i mix dobbel, bronse til Roger i herrar singel  og medalje av same valør til laget vårt i herrar lag! På laget spela Roger saman med Jan Roger Andersson og Thomas Låte, medan Jack var lagleiar.

Roger vart noregsmeister i mix dobbel saman med Sarah Horgen frå Stord BTK! I finalen vann dei 3-1 mot Borgar Haug/Marte Grutle Aasebø frå Fokus BTK. Klubbleiar Jack sikra seg ein sensasjonell bronsemedalje i klassen saman med makker Ida Høimyr frå Notodden BTK! Jack er rangert som nummer 82 i herrar senior og Ida nummer 28 i damer senior, så dette må vera ein av dei mest overraskande NM-medaljane gjennom tidene! Paret vann 3-2 mot to høgare rangerte par på veg mot bronsemedaljane. I kvarten vann dei 12-10 i femte og avgjerande sett. Vår tredje deltakar i klassen, Jan Roger, spela med Marie Olavesen frå B-72 og rauk ut i første runde.

Roger Andersson og Sarah Horgen vart noregsmeistrar i mix dobbel!

I herrar lag vart det tredjeplass og bronse til Hardanger BTK! Roger, Jan Roger og Thomas spela på laget, medan Jack var lagleiar. I første runde vann me 3-2 mot Fokus BTK. Alle spelarane vann kvar sin kamp. Kampen vart truleg avgjort då Jan Roger vann 3-0 mot Henrik Bagner Nilsen. Dette var ellevte gongen dei to møttest og andre gong Jan Roger vann. Thomas var elles veldig nær siger mot landest høgaste rangerte spelar, Borgar Haug, men tapte 12-1o i femte og avgjerande sett.

I kvarten vart det ein sterk 3-0-siger mot Sportsklubben Heros. Dette er eit lag som kunne ha utfordra oss, men me vann alle kampane i lagkampen 3-0 i sett!

I semien vart det eit svært knepent tap mot Laksevåg BTK, som seinare vann klassen. Roger vann sine to kampar, medan Thomas tapte 3-2 i begge sine kampar og Jan Roger tapte 3-1 i sin kamp. Dermed tapte me lagkampen 3-2.

Sjølv om me var svært nære finaleplass, er me veldig godt nøgde med bronsemedaljar! Hardanger BTK var ikkje seeda, og endeleg tok me medalje i klassen!

I herrar singel vann Roger 4-0 mot kongepokalvinnar frå NM i Norheimsund, Marcus Wærstad frå Stord BTK, i åttandedelsfinalen. Deretter vann han 4-1 mot Lars Rønneberg frå Fornebu BTK i kvarten, før det vart tap mot noregseinar Borgar Haug frå Fokus BTK i semien. Roger kan uansett vera veldig godt nøgd med bronse i ein klasse der mange av deltakarane kunne vera med i kampen om medaljane. At han sleit med skade i heile helga gjer prestasjonen ekstra god!

Thomas sikra seg ein flott niandeplass i klassen etter at han – som i fjor – tapte 4-2 mot Eskild Lindholm frå Fornebu BTK i åttandedelsfinalen. Jan Roger kom seg også vidare frå puljespelet og vart nummer 33, medan Jack rauk ut i puljespelet med ein siger og to tap. Han tapte knepent mot langt høgare rangerte Martin Frøseth frå Tingvoll BTK, og var såleis ikkje langt frå å gå vidare.

I herrar dobbel spela Roger med Sigurd Sørheim frå Fornebu BTK. Dei hadde Walk over i første runde, og tapte deretter 3-2 i neste. Jan Roger og Thomas vann 3-2 mot eit sterkt par i første runde, før det vart tap med same siffer i neste runde. Dermed vart det niande plass både på Roger/Sigurd og Jan Roger/Thomas. Jack rauk ut saman med Marlone Babvik frå Fornebu BTK i første runde.

Årets NM-hall

Årets NM for senior vart arrangert i Oslofjord Convention Center i Sandefjord. Nettavisen Direktesport og Amedia sine sytti nettaviser sendte direkte frå meisterskapen heile helga, og vår klubbleiar Jack Feng var ein av dei som fekk prøva seg som TV-kommentator. Under sendingane vart også ein video om Hardanger BTK vist.

Hardanger BTK gratulerer spelarane våre med flott innsats og gode resultat! Me gjer vårt beste Senior-NM nokon gong!

Neste turnering er Haugesund Open 21.-22. mars. Før det skal eliteserielaget vårt spela semifinale i sluttspelet i eliteserien på Stord onsdag 11. mars.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.