Sigrar i Sverige!

Far og son Roger og Jan Roger Andersson spela seriespel for Kyrkhults BTK i 2. divisjon i Sverige i helga. Også Niklas Andersson – bror til Roger – spela for Kyrkhults BTK. Med tre Andersson – alle HBTK-medlemer – på laget, vart det siger i helgas to kampar. Dermed gjekk det nyopprykka laget til topps på tabellen når to kampar gjenstår av sesongen!

Resultat og tabell finn du her.

Onsdag spelar Roger og Jan Roger og resten av eliteserielaget vårt semifinale i sluttspelet mot Stord BTK på Stord.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.