Knepent tap i semifinalen

Frå venstre: Jan Roger, Thomas, Jack og Roger spela for Hardanger BTK i semfinalen mot Stord BTK.

Hardanger BTK møtte i kveld Stord BTK i semifinale i sluttspelet i eliteserien. Kampen vart spela i Gamlehallen i Vikahaugane idrettspark på Stord, og heimelaget vann 5-4.

Me stilte med Roger Andersson, Thomas Låte, Jan Roger Andersson og Jack Feng. Sigrane våre kom ved Roger (2), Thomas og Jan Roger. Roger vann dermed begge kampane sine i sin A-lagskamp nummer femti for Hardanger BTK!

Dermed vann serietoar Stord BTK 5-4 mot seriefirar Hardanger BTK, og det vert Stord BTK som skal møta Laksevåg BTK i finalen i sluttspelet.

Hardanger BTK er uansett svært godt nøgde med sesongen. Etter opprykk tre sesongar på rad har me gjennomført ein svært god debutsesong i eliteserien! Målet før sesongen var å unngå nedrykk. Me enda på fjerdeplass i grunnspelet og kvalifiserte oss til sluttspelet. Etter tap i semifinalen vart me nummer tre i sluttspelet, og kunne ta i mot bronsemedaljar, pokal og pengepremie!

Roger Andersson spela sin A-lagskamp nummer femti for Hardanger BTK!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.