Diverse info

Grunna koronasituasjonen vert det ingen treningar eller arrangement før tidlegast 14. april.

Dersom du ynskjer å spela litt bordtennis i denne tida minner me om at det er utebord i parkar og ved skular i Norheimsund og Øystese. Å spela bordtennis ute går fint så lenge ein held avstand til kvarandre og ikkje er for mange samla.

Hardanger BTK har ein bordtennisrobot som medlemer kan låna. For at det skal vera aktuelt må du ha eit bordtennisbord heime som du kan festa roboten til.

Me har også to minibord som medlemer kan låna. Desse borda er små og kan vera litt vanskelege å spela på for dei yngste. Ta kontakt med Jan Visser (95559212) dersom du ynskjer å låna robot eller minibord.

Etter Norheimsund Open har me igjen litt brus og vatn (med og utan kolsyre). Desse sel me for ti kroner pr stk. Ta kontakt med Jan dersom du ynskjer å kjøpa brus eller vatn. Betaling skjer til klubben på Vipps.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.