Regionsmeisterskap 2020

Ein del klubbar har no fått starta opp att med treningar etter ein lang koronapause. I Kvam er idrettshallane framleis stengt. Uansett er det gledeleg at det snart er klar for den første turneringa på lenge.

Helga 06.-07. juni arrangerer Stord BTK Regionsmeisterskap i bordtennishallen i Stord idrettspark.  Det vert arrangert seniorklassar og funksjonshemma open laurdagen og gutar 13 og gutar 15 sundagen. Det er mogleg å delta i to singelklassar pr dag, og det kostar mellom 100 og 150 kroner å delta i dei ulike klassane.

Påmelding skjer til Roger (40100194, supermagic72@yahoo.no) seinast 1. juni.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

NB. Det er kun plass til eit begrensa antal deltakarar i turneringa grunna koronareglar. Dei første som melder seg på får delta dersom det vert fullt i klassane. Fleire andre koronareglar gjeld også under turneringa.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.