Endeleg trening!

Hardanger BTK har fått løyve av Kvam herad til å starta med treningar att! Dermed vert det mogleg å trena – etter ein pause på over to månader. Alle som vil trena er velkomne! Dei som tenkjer at dei no heller vil prioritera fotball og andre uteaktivitetar, ynskjer me velkomne tilbake til hausten!

Denne veka vert det trening til desse tidene:

Tysdag 19. mai

kl. 17.30-19.00 Trening for vaksne og ungdomar 

kl. 18.00-19.00 Trening for born

Onsdag 20. mai

kl 19.00-20.30 Trening for vaksne og ungdomar

Treningane vert gjennomført i tråd med Corona-vettreglar for bordtennis.

Informasjon om treningstider for neste veke kjem seinare.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.