Endeleg turnering!

Gustav (til høgre) slo Felix i finalen.

Etter tre månader utan turneringar er det endeleg mogleg å konkurrera igjen! Tysdag arrangerte Hardanger BTK ei lita klubbturnering for dei yngste. Sju born deltok, og alle fekk medalje. Gustav Korshavn Vikesdal gjekk til topps etter å ha slått Felix van der Leest i ein svært jamn finale.

Førstkomande helg er det regionsmeisterskap på Stord. Hardanger BTK fortset med treningar heilt fram til skuleslutt. Informasjon om treningstider for neste veke kjem seinare.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.