Aodne nummer tre i Bergen

Aodne Valland vart nummer tre i Herrar F i Heros Sommarcup

Hardanger BTK stilte med to deltakarar i Heros Sommarcup, som vart arrangert i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen laurdag. Aodne Valland vart nummer tre blant fire deltakarar i Herrar F. Han spela også svært jamt og tok sett mot dei to deltakarane han tapte mot. Også i Herrar E tok Aodne fleire sett og viste lovande takter! Håvard Markhus tok fleire sett og tapte to jamne kampar i puljespelet i Herrar C, men gjekk ikkje vidare.

Dette var siste turneringa før sommaren, men det vil truleg verta mogleg å trena litt i klubben også i sommar. Info om dette kjem seinare.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.