Oppsummering seriespel sesongen 2019/2020

Frå venstre: Jan Roger, Thomas, Jack og Roger gjennomførte ein veldig god sesong i eliteserien!

Hardanger BTK stilte med to lag i seriespelet sesongen 2019-2020. Førstelaget vart nummer fire i grunnspelet og tre i sluttspelet i debutsesongen i eliteserien. Andrelaget, som var eit felleslag med Bergen HIL, låg nest sist på tabellen i 4. divisjon då sesongen vart avslutta grunna koronaviruset. Her kjem ei oppsummering av sesongen.

I eliteserien vart førstelaget nummer fire i grunnspelet! Laget vart dermed blant dei fire laga som kvalifiserte seg til sluttspelet. Der vart det eit knepent 5-4-tap mot Stord BTK i semifinalen. Dermed vart me nummer tre i sluttspelet og mottok bronsemedaljar, pokal og pengepremie! Det skjedde i vår debutsesong i eliteserien, og etter at me hadde rykka opp tre år på rad!

Sju lag var med i eliteserien. HBTK vann sju kampar og tapte fem. Dermed enda me på 14 poeng. Kampkvoten til laget var 51-47. Me gjennomførte også ein vellukka samlerunde i Framnes Arena med over hundre tilskodarar til stades.

Seks spelarane spela for laget i løpet av sesongen: Roger Andersson, Thomas Låte, Jan Roger Andersson, Jack Feng, Daniel Schaffer og Aljaz Godec. Jack og Roger var lagleiarar. I løpet av sesongen spela Roger sin A-lagskamp nummer 50!

Roger Andersson og Daniel Schaffer kom begge på delt tredjeplass i kåringa av årets lagspelar i eliteserien med 70 poeng.

I 4. divisjon avdeling VV stilte felleslaget Hardanger 2/Bergen HIL 3. Felleslaget låg på nest siste plass blant seks lag då serien vart stoppa av koronaviruset. Laget vann to kampar, tapte tre og spela ein uavgjort. Dette gav fem poeng. Kampkvoten var 29-31.

Fire HBTK-spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Ivo Beijersbergen, Håvard Markhus, Aodne Valland og Jannik Huttenlocher. I tillegg har Jan Erik Støldal, Kåre Skorpen, Sverre Valderhaug, Odin Dyrkolbotn og Brede Arnøy frå Bergen HIL spela på laget. Håvard Markhus har vore lagleiar.

Håvard Markhus vart beste poengplukkar for andrelaget. Med 53 poeng vart han nummer fire i kåringa av årets lagspelar.

Førstelaget hadde som nyopprykka lag som mål å unngå nedrykk. Laget vart nummer fire i grunnspelet og tre i sluttspelet. Felleslaget hadde som mål å unngå sisteplassen. Laget greidde det, sjølv om serien ikkje vart spelt ferdig. Hardanger BTK er veldig godt nøgde med seriesesongen!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.