Erik Doval klar for Hardanger BTK!

Erik Doval er klar for Hardanger BTK!  25-åringen har meldt overgang frå Sportsklubben Heros, og vart med det den einaste signeringa for klubben vår i sommarens overgangsvindauga.

Erik har ei rekkje sterke resultat på merittlista. På juniornivå vart han noregsmeister i samtlege klassar; herrar junior singel, herrar junior dobbel, junior mix dobbel og herrar junior lag. Han vart også noregsmeister i gutar 15 singel og gutar 15 dobbel. I eliteserien har Erik tidlegare vore med på å bli nummer to. Han har også representert Noreg internasjonalt.

Erik er austlending, men er no busett på Bømlo. Han går inn i eliteseriestallen vår saman med Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Thomas Låte og Jack Feng. Det betyr at me vil ha ein spelarstall med enno sterkare lokal forankring denne sesongen. Samtlege spelarar har tilknyting til Hardanger eller Sunnhordland.

Me ynskjer Erik velkomen til klubben!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.