Tre forbundsdommarar frå Hardanger BTK!

Klubbleiar Jack Feng er no forbundsdommar!

Norges Bordtennisforbund arrangerte forbundsdommarkurs i Bergen 24.-25. september. Kim-Erling Bolstad-Larssen var kursinstruktør. Tre av dei fire kursdeltakarane var frå Hardanger BTK. Jack Feng, Roger Andersson og Jan Roger Andersson bestod alle kurset, og er no forbundsdommarar!

Dette er første gong nokon frå Hardanger BTK har teke forbundsdommarkurs. Me gratulerer Jack, Roger og Jan Roger med vel gjennomført og bestått kurs og ynskjer dei lukke til som forbundsdommarar!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.