Felix til topps!

Felix van der Leest gjekk til topps i to klassar i Stord Cup!

Felix van der Leest gjekk til topps i både Gutar 11 og nybyrjarklassen under Stord Cup laurdag! Felix vann alle kampane sine i dei to klassane, men fleire av dei var jamne. I Gutar 13 gjekk Felix vidare frå puljespelet, men tapte i kvarten og vart dermed nummer fem.

Obaida Taha var nær avansement frå puljespelet i herrar junior, men rauk ut etter ein siger og to tap. I Herrar C leid Håvard Markhus same skjebne, og rauk ut med ein siger og to tap. Turneringa vart avvikla i gamlehallen i Stord idrettspark.

Me gratulerer Felix med flotte resultat!

Neste turnering er Bergen HIL Open laurdag 31. oktober.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.