Kurs i veke 43

I veke 43 gjennomfører Hardanger BTK to kurs. Måndag 19. oktober vert det kurs om «Klubbens styrearbeid i praksis» i regi av Vestland idrettskrets med Eli Orre som kurshaldar. Kurset vert gjennomført digitalt kl.18-21.

Torsdag 22. oktober vert det klubbtrenarkurs i regi av Noregs bordtennisforbund med landslagstrenar Gundars Rusis som kurshaldar. Kurset vert gjennomført i Norheimsund idrettshall kl. 18-21.

Ein del er allereie påmeldte til kursa. Dersom fleire ynskjer å vera med er det fint om ein tek kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) snarast.

NB. Grunna klubbtrenarkurset vert det ikkje vanleg trening torsdagen, men dersom nokon ynskjer å trena litt som ein del av kurset kan dei ta kontakt med Håvard.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.