Velkomen til Hardanger Bordtennisklubb sine nettsider!

Hardanger BTK ynskjer velkomen til våre nye nettsider! Klubben vår rundar 25 år 2. februar 2012. Sesongen som startar til hausten vert dermed ein jubileumssesong, og planleggjinga av denne sesongen er no i gang.  Når me skulle jubilera syntes me det ville vera på plass med ei ny nettside, og denne sida kan me no allereie ynskja velkomen til!

Me ynskjer velkomen til den nye sida med ei heftig ballveksling mellom Samsonov og Saive frå EM i Århus i 2005, og med to jublande Hardanger BTK-medlemer på første rad!

Er du på jakt etter info som ligg på vår gamle heimeside, vil du enno ei stund finna den  her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.