Vil du spele bordtennis?

Treningstider sesongen 2019-2020:

Tysdag: (Norheimsund idrettshall)

17.00-19.00 Trening for vaksne og ungdomar  Trenar: Roger Andersson

18.00-19.00 Trening for born Trenar: Håvard Markhus

Onsdag: (Framnes Arena)
18.30-20.00 Trening for vaksne og ungdomar  Trenar: Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen  Ta kontakt med Håvard (91535549) dersom du vil trena denne dagen.

Torsdag : (Norheimsund idrettshall)

18.00-19.00  Trening for  born    Trenar: Ivo Beijersbergen, Liselotte Takken

19.00-20.30  Trening for vaksne og ungdomar  Trenar: Roger Andersson

Fredag: (Norheimsund idrettshall)

17.00-19.00 Trening for vaksne og ungdomar  Trenar: Roger Andersson. Ta kontakt med Roger (40100194) dersom du vil trena denne dagen.

NB. Treningane for born  er først og fremst for born i 3.- 7. klasse. Dersom du er yngre eller eldre enn dette og vil trena, kan du ta kontakt med oss.

Treningslokale:  Norheimsund idrettshall og Framnes Arena

Medlemskontingent:

Medlemskontingenten for sesongen 2019-2020 er 100,-. Treningsavgift er 300,- .Då kan du vera med på treningar frå no og fram til våren. Du kan prøva nokre gonger gratis før du bestemmer om du vil fortsetja.

Racket:        

Du kan låna racket den første sesongen. Det kan vera lurt å snakka med trenarane for å få tips dersom du skal kjøpa eigen racket

Turneringar og sosiale aktivitetar:

Dei som ynskjer det kan vera med på turneringar  i Bergen, på Stord og andre stader. I tillegg arrangerer me eigne turneringar. Me har også sosiale aktivitetar, som til dømes juleavslutning.

Kontaktpersonar: 

Håvard Markhus (91535549, havard@hbtk.no)

Jack Feng (96859349, jack@hbtk.no)

Liselotte Takken (45101127, liselotte_takken@hotmail.com)