Spelarportrett

I desember 2007 presenterte me til saman 46 spelarar i ein julekalender på denne sida. Samtlege var spelarar med A-lagskampar for klubben vår.  Denne oversikta vart oppdatert med nye opplysningar om ein del av spelarane i desember 2009, og no kan du lesa om spelarane her.

Lars Ljones: Ikkje Vegar, ikkje Preben, ikkje Asbjørn – nei, den første Ljones var Lars Ljones. Han spelte 16 A-lagskampar og var blant anna med på dei knallharde lokaloppgjera mot Stanghelle i fleire sesongar. Lars var den første Norheimsund-spelarar som kom på at det gjekk an å slå rett, altså ikkje berre diagonalt, noko som gjorde at me andre lenge ikkje fann ut av spelestilen hans. Etter at Lars la racketen på hylla har han blant anna studert, jobba innan forsikringsbransjen og – ikkje minst – segla jorda rundt!

Trond Nordpoll vart den sjette medlemen som vart tatt opp i Norheimsund Bordtennisklubb. Håvard Markhus, Vidar Sangolt, Sølve Skutlaberg og Amund Leiren starta klubben. Deretter melde Tormod Strømme seg inn og så dukka Trond opp. Han fekk dermed med seg oppstarten med treningar og turneringar på eit bord i ein kjellar i Tolomarka. Seinare melde Trond seg ut og starta sin eigen klubb, Tolo TTC (Tabletennisclub..), men klubben kom vel aldri så langt som til NBTF-systemet. Snart var han tilbake i Norheimsund Bordtennis, der han fekk 54 A-lagskampar. Trond var den første spelaren som forvirra oss andre med å bruka nubbebelegg, noko som seinare har blitt meir og meir populært i klubben vår..

Asbjørn Sekse gjekk førsteåret på Øystese Gymnas, var deretter eit år på New Zealand før han kom tilbake for å gå dei to andre åra på gymnaset. Då hamna han i klasse med blant andre Vidar Sangolt. Klasse AF2B vart ein av dei mest berømte klassane i gymnaset si historie, og installerte blant anna eige kjøleskap og posthylle i klasserommet og fuglebrett utanfor. Asbjørn fekk raskt kallenamnet Afton og han byrja etterkvart på bordtennis. Sjølv om han byrja med bordtennis først som 18-åring, kom han raskt opp på eit imponerande nivå, det vil seie nivået til oss andre som hadde spelt sidan me var 10-12 år.. Han står med 25 A-lagskampar, blant anna kampen mot Stavanger i Stavanger der han slo ein engelskmann. Då vart han så fornøgd at «Afton smiler enno» vart eit begrep. Afton spelte seinare for Stavern BTK. Dei vart trent av Hans Thomas Thorstein, som seinare vart Norheimsund-trenar. Seinare vart Afton Seljord-spelar, og han spelte fleire seriekampar for Telemarks-klubben. Dei siste åra har Afton jobba som lærar på Seljord Folkehøgskule. Me har likevel ein mistanke om at Afton ikkje har lagt racketen på hylla for godt og reknar med å sjå han i Norheimsund-drakt igjen ein gong i framtida!

Asbjørn Skeie fekk etterkvart også kallenamnet Afton, eller Mini-Afton. Han byrja tidleg med bordtennis og hevda seg godt også nasjonalt. Blant anna har Mini-Afton bronse i gutar lag i NM for yngre. Han spelte då på lag med Ola Norheim, Daniel Schaufel og Erlend Skeie Langeland. Me er litt meir skeptiske på om det blir fleire kampar i Norheimsund-drakt på Mini-Afton. Han byrja nemleg først og studera i USA og i seinare gifta han seg likegodt der borte! Difor vert det kanskje med dei ni A-lagskampane han har for klubben vår.

Hans Thomas Thorstein var til stades på det første norgesmeisterskapet i bordtennis i Norheimsund som lagleiar for Stavern. Han vart så imponert over arrangementet og miljøet og engasjementet i klubben vår at han allereie i løpet av NM-helga informerte oss om at vurderte å flytta til bygda! Og det gjorde han. Me skaffa Hans Thomas jobb på Spar i Øystese og om hausten var han på plass. Hans Thomas trente ei svært treningsvillig gruppe beståande av mange spelarar i 13-17-årsalderen. Kjetil Sætre, Vegard Markhus og Asbjørn Skeie var blant spelarane. Hans Thomas engasjerte seg sterkt i klubben og var aktiv både som trenar og på styremøta. Han fekk med seg seks A-lagskampar for oss i 1. divisjon det året han budde her. Hans Thomas vurderte lenge å bli eit år til, men eventyrlysta vart for stor og han flytta utanlands.

Asbjørn Seim er ein av mange spelarar som står med ein A-lagskamp for Norheimsund Bordtennis – i alle høve i moderne tid! Asbjørn var nemleg med og starta klubben i 1971! Meir om det kan du lesa i NIL-soga som du finn i dokumentarkivet. Kanskje spelte Asbjørn seriekampar også i den epoken. I alle fall kom han tilbake, var med på ein del treningar og spelte ein A-lagskamp for klubben på 90-talet. Elles så er Asbjørn i lokalmiljøet mest kjent som fotballtrenar og køyrelærar, men han er absolutt også ein habil bordtennisspelar.

Ove Brian Røen dukka opp på trening saman med sine to tenåringssøner Rune og Bernt ganske tidleg i klubbens nyare historie. Ove var innom klubben òg før me starta han opp igjen, og etter ei lang fotballkarrière fann han no ut at det var på tide å spela litt pingis igjen. Ove og sønene var ganske aktive ein periode, og Ove var ein solid superreserve for A-laget. Kvar gong når me ikkje klarte å stilla med fullt lag frå «Dei fem store» (Håvard Markhus, Vidar Sangolt, Trond Nordpoll, Lars Ljones og Terje Aksnes-Øystese) på denne tida, ringte me Ove. Det førte til at mannen med den frykta bakhandserven fekk 7 A-lagskampar. At han serva mykje backhand var ikkje tilfeldig; han spelte stort sett bakhand.. I dag veit me ikkje om Ove er så frykta for backhandserven lenger, men nokon fryktar han kanskje for den lange hestehalen..

Rune Røen og tvillingbroren Bernt Røen var altså sønene som truleg var dei som lurte Ove til å byrja på bordtennis igjen. Rune og Bernt var aktive og ivrige ein periode og Rune dukka opp som super-super-reserve på A-laget ved eitt høve. Han er dermed med i det ekslusive selskapet av spelarar med ein A-lagskamp for Norheimsund Bordtennis. Dei andre vert presentert etterkvart.

Helge Tore Høyland byrja i klubben då den berre var nokre år gammal. Han var aktiv på fleire plan; både som spelar, trenar og kasserar i styret. Helge Tore var ein av dei betre spelarane i klubben på den tida og han fekk med seg 7 A-lagskampar. Me hugsar kanskje Helge Tore best for hans banebrytande arbeid for å få meir skru i nybyrjarracketane me nytta på denne tida. Som fruktbonde-son meinte han rå eplesaft (!) var det som skulle til for at me skulle kunna lura motstandarane med fart og skru! Elles så er Helge Tore i ganske nær slekt med ein kjent bordtennisprofil frå Stord som har spelt for Norheimsund tidlegare og som no gjer det igjen – sjølvaste Nils Arne Stuve!

Kjetil Sætre er ei av dei aller beste spelarar som har representert Norheimsund og han er òg ein av dei med flest A-lagskampar for klubben. 59 kampar har han for klubben, og han er dermed berre slått av dei to klubbgründerane Håvard Markhus og Vidar Sangolt. Kjetil vart norgesmeister i gutar dobbel saman med Jone Eide frå Haugesund under det første norgesmeisterskapet i Norheimsund. Ikkje lenge etter byrja han på Framnes Kr. Vidaregåande Skule. Han hadde då trappa ned satsinga, men vart likevel sentral både som spelar og trenar. Etter vidaregåande var det tid for militætteneste, men etter ein del fark der var han klar for siviltjeneste i Norheimsund Fotball og Norheimsund Bordennis. Deretter arbeidde han to år på Framnes. I alle desse åra var Kjetil aktiv som trenar og spelar i klubben. Seinare har Kjetil vore regionsutviklar i region vest, men no studerer han i Stavanger. Me satsar på at Kjetil igjen vert klar for innsats i Norheimsund når han er ferdig med studiane og at han då satsar vidare mot 100 A-lagskampar! Elles så må me vel her ta med fylgjande farkehistorie: Håvard og Kjetil er naboar og begge må ein dag stå usannsynleg tidleg opp for å reisa på bordtennisstevne på Stord. Håvard skal køyra fotballgruppa sin Caravelle og Kjetil skal køyra Håvard sin bil. Håvard hentar Caravellen ved idrettshuset, kjem nedover mot sitt eige hus, akkurat då (sjølvsagt) ryggar Kjetil ut i vegen med svært dårleg sikt grunna isete ruter denne kalde vintermorgonen…. Dei to einaste bilane som er ute på vegen så tidleg krasjar…Men Håvard tek ein liten svingom ut i grøfta, så bilane sneiar berre borti kvarandre og får minimalt med skadar!

Terje Aksnes-Øystese var som tidlegare nevnt ein av «dei fem store» dei første åra me stilte i serien. Terje var nokre år eldre enn oss andre. Han gjekk på gymnaset, medan me gjekk på ungdomsskulen. Terje hadde også lappen, og nokre gonger henta han Håvard i bil for å spela harde oppgjer i festsalen (gymsalen) på Øystese Gymnas. Terje var og er «altetande» når det gjeld idrett og var på den tida blant anna ein svært habil fotballspelar. Ballkjenslan viste han òg ved bordtennisbordet der han blant anna fekk med seg 6 A-lagskampar. Terje var elles den første i klubben som kjøpte seg noko anna enn nybyrjarracket. Me andre var mektig imponerte då han kom med sin Butterfly-racket som legendariske Finn Schönberg i Bergen hadde sendt til han i posten. Dette førte sjølvsagt til at det etterkvart kom mange racketar frå Schönberg til Norheimsund. Terje studerte seinare i Bergen ( blant anna historie saman med Håvard), og i dag er han lærar i Hatlestrand.

Jan Erik Dahle kunne kanskje ha blitt ein meister i rullepingis. Det var i alle høve hans yrke som seljar av rullestolar som førte han til Norheimsund. Med jamne mellomrom var han på desse kantar og slik byrja hans trenarkarriere hjå oss. Seinare vart han fast trenar to dagar i veka og han byrja også å spela for oss då det vart mindre aktivitet i moderklubben Stanghelle BTK. 6 A-lagskampar vart det på Dales store son. Elles så hadde me mange harde oppgjer både med Jan Erik, broren Atle og resten av Stanghelle BTK dei første åra me deltok i seriespel. Jan Erik har også vore engasjert som trenar i andre klubbar og han har vore med i kretsstyret. I dag har det gått med han som med mange andre – han har blitt lærar..

Torgeir Enerstvedt kom til Norheimsund frå Sveio-klubben Førde BTK, der han hadde hatt sjølvaste Sveum som trenar og lagkamerat. Torgeir kom til Norheimsund midt i ein sesong, og det vart med 3 A-lagskampar før han meldte overgang til Fjell. Etterkvart vart det meir studiar og musikk og mindre pingis på Enerstvedt. No jobbar han visstnok som lærar i Austevoll. Spelarar med A-kampar for Norheimsund har visst ein tendens til å velja det yrket..

Hans Norvald Lie er ein av dei mange i det ekslusive selskapet av spelarar med 1 A-lagskamp for klubben vår. Hansi var ganske aktiv ein periode, men i konkurranse med dei «fem store» vart det tydelegvis mykje benke eller tribunesliting… Hansi var elles ein habil 800-meter-løpar med pers rundt 2 blank. På framsida av elevavisa på Øystese Gymnas kunne me sjå at Håkon Hjartnes, mannen som førte Norheimsund Fotball opp i 2. divisjon under Tor Thodesens leiing, skulle eta sokkane sine om Hansi kom under 2 blank. Me er usikre på om det nokon gong skjedde..

Mathias Dahl Ellingsen står med to A-lagskampar. I ungdomen var Mathias «på gång» som ein svært aktiv spelar, som var med på det meste av stemner som klubben deltok på. Han var også glad i å springa rundt i idrettshallar midt på natta.. Saman med Steffen Skar Bruflat fekk han også vårt største oppslag i Bergens Tidende. Nesten ei side spanderte BT på dei to Norheimsund-spelarane i samband med eit stemne. Mathias gjekk andreåret på vidaregåande i USA. Når han var tilbake i Kvam for å gå tredjeåret på Øystese Gymnas var han igjen aktiv i klubben – den gongen som trenar. No studerer Mathias i Sogndal, og innimellom tek han fram bordtennisracketen. Elles så likar Dahl også større ballar. Han har vore aktiv i Norheimsund Fotballklubb, og no spelar han på futsallaget Sossvoll.

Arne Kristoffer Hansen har vore aktiv i klubben eit par år, både som spelar og nybyrjartrenar. No tek han andreåret på Øystese Gymnas i USA. Arne Kristoffer forstod tidleg at han er medlem i ein klubb der nubbar og anti er populært. Han tok steget heilt ut og kjøpte racket med nubbar på begge sider! Arne Kristoffer står med ein A-lagskamp.

Jean Francois Lamy skulle flytta til Norge var han i dialog med både Norheimsund og andre klubbar. Me ville hjelpa han med jobb her i kommunen og Jeff kom til Norheimsund for å ha samtalar med klubben. Det skjedde over ein betre middag heime hjå familien Langeland. Dei som har vore i det huset veit at der vert det servert god mat… Så lenge Morten Langeland, far til superdeffen Erlend, var leiar i klubben var det alltid høg standard på maten under styremøta. At Jeff vart freista til å spela for klubben etter eit slikt måltid var ikkje så rart! Jeff flytta ikkje til Norheimsund. Han vart austlending, men sa likevel ja til å spela for klubben. På den tida spelte me i 1. divisjon. Mange av kampane gjekk på austlandet, men me henta også Jeff over til kampane i Norheimsund. Etter eit år i Norheimsund gjekk turen til eliteserieklubben Kobra for den sympatiske franskmannen, som fekk 9 A-lagskampar for klubben vår. No er han aktiv i Stavanger BTK

Finn Eivind Mo og broren Lars Henrik Mo var aktive tidleg i klubbens historie. Saman med blant andre Vegard Markhus og Trond Håkon Olsen tilhøyrte dei første generasjon med ungar som byrja på nybyrjartrening etter at Håvard, Vidar og co starta klubben. Finn Eivind og Lars Henrik var veldig aktive i nokre år, og dei deltok blant anna på Banda Cup på Stokke og NM for yngre i Molde. Finni fekk også med seg fire A-lagskampar. Finni og Lasse var forøvreg søner av Bente Mo, som var leiar for klubben då me arrangerte vårt første NM. Ho var ein dyktig og engasjert leiar, som av mange NM-deltakarar vart hugsa for at ho bunadskledd delte ut medaljar under meisterskapet.

Bjørn Rolland: Vårt første møte med Bjørn Rolland var då han var med som trenar for kretsen sine lag under ein Banda Cup i Stokke for mange, mange år sidan. Om lag samstundes var han med som trenar på den første leiren som Laksevåg BTK og Norheimsund Bordtennis arrangerte i Norheimsund. Noko seinare var han med på trenarkurs med Kjell Erling Sørensen saman med blant andre Vidar, Håvard og Trond på Stord. Den gongen overnatta me i ein nesten heilt ny rackethall, så det er ein del år sidan. Etter kvart fekk Bjørn fleire førespurnader om å spela for Norheimsund , og ein gong takka han ja! Det vart med ein sesong og 5 A-lagskampar for den sympatiske politimannen. Det var medan me var i 1. divisjon og Bjørn vann mange kampar «oppe».

Erlend Skeie Langeland: Erlend var aktiv i mange år, og har blant anna NM-bronse i gutar lag. Han spelte då saman med Daniel Schaufel, Asbjørn Skeie og Ola Norheim. Den energiske og hardtkjempande deffen kvalifiserte seg også til Topp 12 som siste års 15-spelar. Erlend har mange seriekampar for Norheimsund, men berre ein på A-laget. Det var ein 1. divisjonskamp. Me møtte Fjell borte i Vikinghallen, og Erlend spelte på lag med blant andre Anders Hovden. Erlend har også vore sivilarbeidar i klubben. Han er ein av tre sivilarbeidarar som me har delt med Norheimsund Fotball. Dei to andre er Kjetil Sætre og Vegard Markhus.

Vidar Eide finst det fleire av i norsk bordtennis, men vår mann bur i Norheimsund og er både tømrar og oljearbeidar. Me meiner bestemt at Eidn har fått med seg fleire seriekampar for Norheimsund Bordtennis, men berre ein av desse er på A-laget. Kanskje vert det fleire. Han er nemleg ein det går an å ringja til viss det er krise… Elles så har vel Vidar vore flittigare nevnt i lokalavisa i samband med skiskyting og leirdueskyting enn bordtennis!

Vigleik Norheim er ein av ikkje så alt for mange spelarar frå nabobygda Øystese som har vore med i klubben vår. Den desidert mest suksessrike av desse var nok Tonje Helgheim, som blant anna har NM-medalje i jenter lag. For Vigleik vart ikkje resultata like solide, men han var veldig aktiv ein periode og kom opp på nivået like under dei beste i klubben. Det førte til at han blant anna fekk med seg tre A-lagskampar. Elles så brukte Vigleik mykje tid på musikken, og han er vel framleis ein habil gitarist. Seinare har Vigleik teke utdanning innan teknisk design, og i dag bur og jobbar han i Oslo.

Toralv Tolo byrja tidleg med bordtennis og han er vel den spelaren som er oppfostra i klubben som har nådd lengst. Toralv var med på ei rekkje forbundssamlingar og han har fleire NM-medaljar. Han spelte også fast på førstelaget vårt i 1. divisjon i fleire sesongar. Som 16-åring meldte han overgang til Fjell og spelte for dei i 1. divisjon. Også der vart det NM-medalje på Toralv. Seinare satsa Toralv mest på fotball. Han trente med seniorane til Norheimsund sidan han var 16 år, og fekk ein god del speletid i 3. divisjon. Eit lite heldig hopp i Eikedalen sette ein stoppar for vidare satsing på fotballbanen, men han spelte nokre kampar for Strandebarm i 5. divisjon sesongen 2009 og er med på futsallaget Sossvoll. Framleis hender det at han tek fram bordtennisracketen – seinast i ein 3. divisjonskamp mot Stord hausten 2009.

Hans Tolo er eitt år yngre enn Toralv. Også han har teknikken og «kjenslan» inne, men han har ikkje i like stor grad som sin eldre bror satsa på bordtennis. Sjølv om Hans ikkje var like mykje med som Toralv, så har også han brukt ein del tid på både treningar, stemner og seriespel. På førstelaget vart det med ein A-lagskamp. Aktiv gruppe. Då Toralv og Hans var på sitt mest aktive var dei langt frå dei einaste på trening. Thomas Mo, Mathias Dahl Ellingsen, Steffen Skar Bruflat og Andreas Oma var andre aktive spelarar. Då desse gjekk siste åra på barneskulen og på ungdomsskulen hadde me ei veldig god treningsgruppe.

Forbundssamlingar. Toralv Tolo er ikkje den einaste spelaren frå Norheimsund som har vorte innkalla til forbundssamlingar. Kristoffer Hesthammer har også vore på forbundssamling. I tillegg fekk Vegard Markhus og Asbjørn Skeie innkalling til ei forbundssamling i romjula. Problemet var at forbundet sendte invitasjonen via posten like før jul…. Dei som kjenner til postgangen før jul skjønar sikkert problemet. Invitasjonen til samlinga kom omtrent samstundes som spelarane burde ha gått på flyet om dei skulle ha reist!

Dei åra me hadde lag i 1. divisjon var det ofte slik at me hadde eit par lokale spelarar som heldt nivået, men samstundes var me avhengig av å henta inn ein spelar eller to for å kunna stilla eit brukbart lag. Dette har ført til at spelarar som Eirik Villand, Vegard Berling, Bjørn Rolland, Anders Hovden, Jeff Lamy og Simon Arvidsson har spelt for klubben vår, og i dag presenterer me to av desse.

Eirik Villand kjem frå Modum. Under ein Banda Cup i Stokke fekk me tips frå Olav Haraldseid om at Villand skulle flytta til Bergen og kunne vera ein aktuell trenarkandidat for klubben vår. Og slik vart det. Eirik takka ja til å vera trenar i Norheimsund det første året han studerte i Bergen. Samstundes meldte han også overgang til klubben vår og han fekk med seg 11 A-lagskampar. Etterpå meldte han overgang til Heros, men no er det diverre lenge sidan me har sett Eirik i bordtennissamanheng.

Vegard Berling fekk også ein sesong i Norheimsund Bordtennis. 8 A-kampar vart det på Vegard, før også han meldte overgang til Heros. Vegard var ein kamerat av Eirik, og var blant anna blant dei første som gjekk på bordtennislinja på Norges Toppidrettsgymnas. I fjor var Vegard aktiv i Oslo-klubben Fokus.

Thomas Mo er ein av dei beste spelarane me har fått fram i Norheimsund Bordtennis. Han har blant anna NM-medalje i gutar lag saman med Ola Norheim og Toralv Tolo. I seriesamanheng har han 17 A-kampar. Thomas var med på mange stemne, blant anna fleire NM for yngre. På veg heim frå NM i Oslo var han ein av dei to knallharde fyrane som snøbada på Hardangervidda. Seinare vart det mest fotball på Thomas. No har han trappa ned satsninga også der, men han er som fleire andre tidlegare bordtennisspelarar aktiv på futsallaget Sossvoll.

Steffen Skar Bruflat var også med i den aktive gjengen for ein del år sidan. Som tidlegare nevnt fekk han og Mathias Dahl Ellingsen eit stort oppslag i Bergens Tidende etter eit stemne i Fyllingsdalen. Steffen var med på fleire NM. Før NM i Oslo la han inn eit fleire vekers langt treningsopphald i Thailand.. Og på vegen heim var han snøbadar nummer to. Elles så var det Steffen som gjennom faren skaffa oss det berømte «På gång-lokalet», treningslokalet i sentrum som me disponerte 24 timar i døgeret. Steffen har tre A-lagskampar.

Torstein Tingnes har den kortaste, men samstundes høgaste karriera i klubben. 2 meter lange Torstein har nemlig berre vore med i klubben i ein time, og då spela han A-lagskamp mot Fjell. Me fekk forfall av ein spelar like før ein kamp i Bergen, og som vanleg i slike tilfeller er det då Vegar Ljones som må leite gjennom telefonlista si etter aktuelle spelarar. Denne gongen fall valet på Torstein Tingnes som sporty stilte opp og gjorde ein heiderleg innsats. I ettertid ryktes det at Torstein var så nøgd med sin innsats og med å ha komme med på rankinglista til NBF, at han er blitt observert vandrande rundt i klubbdrakta i Bergen sentrum, ved fleire høve. Takk for innsatsen Torstein! Me ringer kanskje igjen…

Asbjørn Ljones er fetteren til Vegar Ljones og far til Preben med samme etternamn. Tek me med Torstein Ljones (bror til Vegar – ein kamp på Norheimsund 2) og Lars Ljones (16 A-kampar – ikkje i slekt med dei andre) så har me oversikt over heile Ljones-dynastiet i klubben… Asbjørn, Preben, Vegar og Torstein har etternamnet sitt frå Ljones i Kvam, om lag tjue minuttars køyring frå Norheimsund. Asbjørn og familien har blant anna budd i Bolivia, men då far og son byrja i klubben budde dei på Ljones. Sjølvsagt var det fetter Vegar som fekk dei to til å koma på trening. Først dukka Preben opp og etter kvart kom også Asbjørn. Asbjørn har spelt tre A-lagskampar for klubben vår. Preben har spelt nokre kampar på andrelaget. I 2007 flytta familien til Bergen. Hausten 2009 flytta Preben til Spania for å gå på vidaregåande skule der. Asbjørn arbeider for tida to dagar i veka i Norheimsund, og stiller stort sett opp på trening kvar måndag. Han har også fått med seg ein kamp i 5. divisjon denne sesongen.

Norgesmeistrar. Norheimsund Bordtennis har hatt fleire medlemer som har vore noregsmeister medan dei har representert andre klubbar. Anders Hovden, Kjetil Sætre og Anne Gro Haga er eksempel på dette. Dessutan vart Simon Arvidsson svensk meister i gutar singel etter at han avslutta si karriere i klubben vår.

MEN; Tor Ivar Heen er den einaste spelaren som har blitt norgesmeister medan han representerte Norheimsund! Rett nok var det i ein uoffisiell klasse, herrer junior B, men førsteplass i ein klasse under eit NM var det uansett! Den historiske hendinga fann stad under eit junior-NM i Hokksund. Trass i at eit polsk danseband prøvde å halda oss vakne heile nettene og at dette førde til stadig stigande fark, så hevda me oss likevel godt i dette meisterskapet. Eg trur det var tre Norheimsund-spelarar som kom til kvarten i den uoffisielle klassen, men for å finna ut at dette må me nok ha eit grundigare dykk i arkivet. Elles så har Tor Ivar vore engasjert i klubben i mange år, både som spelar, styremedlem og trenar. Han har også i fleire år arbeidt på Opplysningen 1881 i Norheimsund.

Børge Leiren er bror til Amund Leiren, som var med i firarbanden som starta Norheimsund Bordtennis. Også ein tredje bror, Ståle, har vore aktiv i klubben. Desse tre kjem frå ein langrennsfamilie, som blant anna har stilt stafettlag i NM, men innimellom mange mil på ski har det altså blitt tid til ein og annan serve og smash. Børge er den einaste av dei tre som har vore innom A-laget. Han fekk to A-kampar ein gong på 90-talet. Elles så var Børge ein lovande spelar som ung, men etter kvart vart det meir langrenn og lite bordtennis.

Børge Samson Klyve er ein av dei aller beste spelarane som me i Norheimsund Bordtennis har fått fram. Heile 46 A-lagskampar har det blitt på Børge. Den siste var hausten 2009, for då flytta Børge tilbake til Kvam og er dermed igjen aktuell for førstelaget. Børge oppnådde ein del sterke resultat, og var blant med i Topp 12. Børge nådde eit veldig godt nivå som bordtennisspelar til tross for at han først byrja med sporten vår eit halvt år etter at han byrja på ungdomsskulen. Kor god han kunne ha blitt om han hadde byrja før er ikkje godt å seia… Børge budde på Klyve og hadde nesten ein halvtimes reisetid til trening. Likevel trente han mykje i Norheimsund i tillegg til heime i kjellaren på Klyve. Han fekk fleire idrettstipend frå kommunen og brukte pengane til innkjøp av bordtennisrobot, ei maskin som no står i hallen i Norheimsund.

Spelararar frå Klyve. Børge var forøvreg ikkje den einaste gode bordtennispelaren som har kome frå Klyve. Frå den vesle grenda kom også broren Sindre, som var nære NM-medalje i lag på heimebane under det første NM i Norheimsund. Då spelte han på lag med Vegard Markhus og Asbjørn Skeie, og i kvarten tapte Sindre den siste og avgjerande kampen. NM-medalje vart det derimot fleire av på ei jente frå Klyve; Sara Marie Klyve.

Helge Lindås var den første verkeleg lovande spelaren i klubben. Han tilhøyrte dei første nybyrjarane i klubben og hevda seg raskt blant dei beste i kretsen. I seriesamanheng vart det 26 A-lagskampar på Helge. Det talet er særleg imponerande med tanke på at han diverre trappa ned bordtennissatsinga allereie på slutten av ungdomsskulen. Helge bur no i Bergen. For nokre år sidan stilte han igjen opp når me mangla spelarar til ein seriekamp, og me har ikkje gitt opp håpet om å få sjå eit av klubbens største talent igjen i sving ved bordtennisbordet.

Ola Norheim er ein av dei aller beste spelarane klubben vår har fått fram. Ola har blant NM-medalje i gutar lag saman med Toralv Tolo og Thomas Mo. Seinare vart det meir langtransportkøyring og mindre bordtennis på Ola, men han har aldri klart å slutta heilt med bordtennis. Han har spelt for Heros og Stord. No bur han i Stavanger og er aktiv i klubben der. Elles så har Ola ein yngre bror, Aleksander, som no er svært aktiv i klubben vår.

Anders Hovden er nok den beste spelaren som har spelt for Norheimsund Bordtennis. Anders har over tjue sesongar i eliteserien og ei rekkje NM-gull. Han spelte to år for oss i 1. divisjon og fekk med seg 28 A-lagskampar. Etterpå gjekk turen tilbake til eliteserien. I dag spelar han framleis eliteserie for Laksevåg og hevdar seg godt i vår øverste divisjon. Anders kom til Norheimsund første gong i samband med den første sommarleiren som me arrangerte i samarbeid med Laksevåg. Seinare har han vore her på fleire leirar samt at han har vore både trenar, kasserar og stemnearrangør for oss.

Simon Arvidsson spelte for Norheimsund 2004-2005-sesongen, som var den førebels siste der me stilte lag i 1. divisjon. Han spelte 13 A-kampar,fekk solide 15-11 i kvote oppe og viste seg med det som ein svært god spelar. Simon budde i Karlstad medan han spelte for oss, men han var med på alle samlerundane. I og med at fleire av serierundane gjekk på Austlandet, kosta ikkje Simon oss noko meir enn om me hadde brukt ein ekstra spelar frå Norheimsund. Samstundes fekk me til eit samarbeid med Karlstad, som førte til at Toralv Tolo og Kjetil Sætre reiste bort dit. Simon var 14 år då han spelte for oss. Han var ein god spelar, men ikkje spesielt høgt ranka i Sverige. Sesongen etter endra dette seg. Då gjekk Simon sensasjonelt heilt til topps i det svenske meisterskapet for gutar, så Norheimsund Bordtennis kan dermed skryta av at me har hatt ein svensk meister i klubben! Sesongen 2009-2010 spelar han blant anna i dansk eliteserie samt i Superettan (nivå 2) i Sverige. I Siddistreffen hausten 2009 hadde han fleire matchballar mot tidlegare europameister Allan Bentsen.

Andreas Steinsvoll har hevda seg både lokalt og nasjonalt og har blant anna hatt NM-medalje innan rekkjevidde eit par gongar. I årets NM for yngre spelte Andreas saman med Kristoffer Hesthammer og Eirik Vevatne ein svært spanande lagkamp mot bronseseeda Jevnaker. Det vart til slutt 4-5-tap, men med siger der kunne det ha blitt medalje. I seriesamanheng har Andreas rundt 30 A-lagskampar. I tillegg har han vore aktiv som fotballspelar. Allereie som 15-åring fekk han sin debut på andrelaget til Norheimsund FK i 5. divisjon. Han er forøvreg ikkje den einaste spelaren som har spelt både bordtennis og fotball på seniornivå i Norheimsund. Det har også Toralv Tolo, Thomas Mo, Daniel Schaufel (alle med NM-medalje), Stian Johannessen, Vegard Grøtt, Christian Kjosås og Bjørnar Liland Skjelvan.

Kristoffer Hesthammer har vore endå nærare NM-medalje enn Andreas. For to år sidan leia han 2-0 og hadde kontrollen i tredjesettet før Gaute Grov kom knallsterkt tilbake og vann kvartfinalen i Gutar 13. Men sjølv om det ikkje vart medalje den gongen så kan Kristoffer visa til mange sterke resultat! I serien har Kristoffer 32 A-kampar. Elles så har Kris overbevist som utebordpingis-spelar på NRK Hordaland – i samband med ei sak om ei av landets mest omtalte skulenedleggjingssaker… Kristoffer har trappa ned bordtennissatsinga, men han er aktiv i seriesamanheng og er med som trenar for nybyrjarane.

Håvard Markhus starta Norheimsund Bordtennis i 1987 saman med Vidar Sangolt, Amund Leiren og Sølve Skutlaberg. Det var forøvreg nokre år etter at den tredje og eldste broren i familien, Knut, var med å leggja ned klubben sidan dei som hadde vore med å drive han var flytta frå bygda. Håvard har vore med i klubben i alle åra. Meir om klubben si historie kan ein lesa i klubbsoga som ligg i dokumentarkivet. Håvard passerte 100 A-kampar for eit par år sidan og det vart markert med kake og song og solid dekning i lokalavisa. Elles så er Håvard ein av dei tre som i enkelte krinsar vert kalla «tre brødre som ikke er brødre», saman med Vegar Ljones og Nils Arne Stuve. Håvard er universitetsutdanna og har arbeidt både som lærar, journalist, skjenkekontrollør samt i eige firma og i Norheimsund Fotballklubb. Litt forskjellig med andre ord..

Vegard Markhus byrja tidleg på bordtennis og kan visa til fleire sterke resultat. Blant anna kom han på pallen i 11-årsklassen i Banda Cup. Han vart også kalla inn til forbundssamling. Kva som då skjedde kan du lesa om like under omtalen av Asbjørn Skeie. I motsetnad til Håvard kunne Vegard spela jevnt med spelarar høgt oppe på rankinga i dei aldersbestemte klassane. I seriesamanheng har det ikkje blitt så mange A-kampar, men han står med 23 kampar. Vegard arbeider i dag som lærar i Bergen.

Vidar Sangolt var med i firarbanden som starta klubben. Vidar er saman med Håvard dei einaste som har vore med i klubben i alle dei tjue åra klubben har eksistert. Han har vore både spelar, trenar og styremedlem. Han er også ein av dei fire som har vore sivilarbeidar i klubben. Dei andre er Kjetil Sætre, Vegard Markhus og Erlend Skeie Langeland. I dag er Vidar styreleiar i klubben. Han har 85 A-kampar og er dermed den som er nærmast Håvard på denne lista. Ein del av kampane kom medan me var i 1. divisjon. Elles så er Vidar mannen bak dei heftige lyd, lys og røykshowa på to av norgesmeisterskapa me har arrangert, og og dette er noko av det han syslar med i firmaet Gloria AS som han driv saman med klubbkamerat Håvard Markhus.

Vegar Ljones har vore aktiv i klubben dei siste åra. Han bur i Bergen, men etternamnet har han frå Ljones, som ligg i Kvam. Vegar er ein av ikkje så altfor mange her til lands som har positiv matchkvote mot Norges beste spelar, Geir Erlandsen. Dei møttest i ein norgescup for maaaange år sidan, og Vegar vann! Det var medan Vegar var aktiv i Fjell-kameraterne. Garren er ein av dei «tre brødre som ikke er brødre» og denne trioen satsar på å vinna lagklassen i veteran-NM om nokre år! Det var forøvreg dei tre brørne som anmeldte Breien-filmen «Kunsten å tenke negativt» på TV2 for eit par år sidan. Elles så er Garren god å ha når me manglar folk til serielaga våre. Då finn han nokon i telefonlista si. Typisk ja!

Eirik Vevatne har vore aktive i klubben i mange år og har spelt mange kampar både på førstelaget og andrelaget. Sesongen 2008-2009 vart han vår beste poengplukkar på førstelaget i 3. divisjon. Eirik har også vore med på fleire NM og mange andre stemne. Han har også vore trenar i klubben dei siste sesongane. Som mange andre bordtennisspelarar er han også aktiv på golfbanen.

Kristian Sørheim har også vore fast inventar på enten første- eller andrelaget dei siste sesongane og er det framleis. Som nærmaste nabo til Kristoffer Hesthammer og med Eirik Vevatne buande eit steinkast eller eit par forehandloopar unna, bur han i eit av Norheimsunds beste bordtennisstrøk. På same vis som Eirik har han eit heller avslappa forhold til fotarbeid..

Nils Arne Stuve har spelt for klubben vår i tre periodar. Første perioden var då han flytta frå Stord til Norheimsund. Då var han aktiv både på treningar og i stemne og seriesamanheng. I løpet av to sesongar fekk han med seg til saman 16 A-kampar, mange av dei i 1. divisjon. Deretter tok Stua turen til Bergen og Fjell-kameraterne før han flytta tilbake til Stord. Sesongen 2007-2008 var han tilbake i Norheimsund-drakt, på utlån frå Stord sidan me hadde litt lite folk til å ha to serielag. Førstelagskampar var det ikkje den sesongen, då han var fast inventar på andrelaget. Sesongen etter spelte han igjen for Stord, men før sesongen 2009-2010 vart han den første spelaren som meldte overgang til klubben vår etter namnendringa til Hardanger BTK. Grunnen til det er at han ser for seg store ting med tanke på å spela på lag med sine to brødre som ikkje er brødre, Vegar Ljones og Håvard Markhus, i veteran-NM. Elles så har Stuaen vore utruleg nære veldig mange gonger og då har han gjerne uttrykt at «da e so nære». I tillegg til bordtennis er musikk Stuaen sin store lidenskap. Dette har òg sikra han plass på eit platecover som finst i dei fleste heimar i Kvam herad. På platecoveret til samle-CD-en «Den store Romjulsdraumen» som vart seld i nesten tusen eksemplar for nokre år sidan står det nemleg «Takk til Stua for musikalsk inspirasjon gjennom tilgang til ei enorm platesamling».