Heimekamp i 4. divisjon

Måndag 11. mars er det heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Heros 3 kl. 18.30.

Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heimekamp i 4. divisjon

Tap i 5. divisjon

Frå venstre: Mohamad, Jeannette og Liam

Hardanger BTK 2 spela laurdag sesongens siste kamp i 5. divisjon. Laksevåg BTK 5 var motstandar i deira bordtennishall i Bergen. Me tapte 8-2.

HBTK 2 stilte med Liam Amir Jamal, debutant Mohamad Basem Farah og spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher. Sigrane kom ved Liam og Jeannette. Begge vann 3-2, medan Mohamad tapte ein kamp med same siffer.

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Tap i 5. divisjon

Nytt tap i 4. divisjon

Frå venstre: Håvard, Aodne og Torstein

Hardanger BTK sitt førstelag spela torsdag sesongens tiande kamp i 4. divisjon. Fjell 2 var motstandar i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen. Me tapte 8-2.

HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Torstein Valland. Sigrane kom ved Håvard og Torstein. Ein av kampane vann me 3-2, medan me tapte to kampar i femte og avgjerande sett.

HBTK ligg på fjerdeplass blant dei sju laga i avdelinga, men me har spela fleire kampar enn dei andre laga. Målet er framleis å unngå nedrykk. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Me hadde håpa på poeng i dag, men ny sjanse kjem snart. Måndag spelar me vår tredje kamp på under ei veke. Då er Heros 3 motstandar i Hardanger Bordtennishall.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Nytt tap i 4. divisjon

Tap i 4. divisjon

Frå venstre: Håvard, Lars Henrik og Aodne

Hardanger BTK sitt førstelag spela onsdag sesongens niande kamp i 4. divisjon. Serieleiar Laksevåg 4 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Bortelaget vann 8-2.

HBTK stilte med Håvard Markhus, Lars Henrik Mo og Aodne Valland. Sigrane kom ved Håvard (2).

HBTK ligg framleis på tredjeplass blant dei sju laga i avdelinga, men me har spela fleire kampar enn dei andre laga. Målet er framleis å unngå nedrykk. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Den neste kampen vår er allereie i dag – torsdag 07. mars. Me møter Fjell 2 i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Tap i 4. divisjon

Heimekamp i 4. divisjon

Onsdag 06. mars er det heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Laksevåg 4 kl. 18.30. Denne kampen kjem til å gå inn i tida der me har open hall. Det vil likevel vera plass til andre som vil spela. Det vert difor open hall som vanleg kl. 19.00.

Vel møtt også om du vil koma for å sjå på kampen!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heimekamp i 4. divisjon

Regionsmeisterskap 2024

Laurdag 13. april arrangerer Stord BTK årets regionsmeisterskap i  gamlehallen i Stord Idrettspark.

I dette stemnet er det mogleg å delta i ein singelklasse og ein dobbelklasse og det kostar mellom 80 og 160 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigen rekruttklasse. Dette er eit nytt namn på det som tidlegare heitte nybyrjarklasse. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 02. april

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

NB: Alle som er fødd i 2011 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje rekruttklasse.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Regionsmeisterskap 2024

Vinterferie!

I veke 9 er det vinterferie. Dei vanlege treningane utgår i ferien, men det vil likevel vera mogleg å spela for alle som vil.

Open hall for alle vil gå som normalt kl. 17.30-19.00 både sundag 25. februar og sundag 03. mars. Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 torsdag 29. februar går også som normalt. Alle er velkomne desse dagane, men barn må koma i fylgje med vaksne.

Under open hall sundag 03. mars er det også sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade.

I tillegg vil det truleg vera folk i hallen for å spela også til andre tider. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i hallen etter kvart som dette vert bestemt. Også då er alle velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne.

Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer å verta informert om når det er folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.

Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god vinterferie!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vinterferie!

Flotte resultat frå stor HBTK-tropp!

Det vart spela på tjue bord – atten av dei i sjølve idrettshallen.

Hardanger BTK stilte med heile 23 deltakarar og oppnådde mange flotte resultat i årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som me arrangerte i Norheimsund idrettshall laurdag. Blant deltakarane våre var alderskilnaden 75 år frå den eldste til den yngste!

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Flotte resultat frå stor HBTK-tropp!

Resultatliste Norheimsund Open 2024

Her kjem resultatliste for Norheimsund Open 2024, som vart arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag. Kun dei beste spelarane i klassane er med på listene.

Resultatliste Norheimsund Open 2024

Me takkar alle for ein fin dag i Norheimsund, og ynskjer velkomen tilbake til Norheimsund Open 2025!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Resultatliste Norheimsund Open 2024

Deltakarlister Norheimsund Open 2024

107 deltakarar frå tolv klubbar er påmelde til årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open. I fjor var det påmeldt 97 deltakarar frå ti klubbar.

Hardanger BTK er største klubb med heile 25 påmeldte!

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Deltakarlister Norheimsund Open 2024