KM og RM for veteranar 2026

Laurdag 29. august arrangerer Stord BTK årets kretsmeisterskap og regionsmeisterskap for veteranar i Stord Bordtennishall på Stord.

I dette stemnet er det mogleg å delta i fleire klassar. Det er både singel, dobbel og lagklassar. Det kostar 250 kroner å delta i turneringa.

Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 20. august.

NB: Ein må ha betalt lisens til NBTF for å kunna delta.

.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på KM og RM for veteranar 2026

Hardanger BTK flyttar til Torpe Møbelfabrikk

Frå venstre: Murad Basem Farah, Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah i det nye lokalet

Etter fire år i Steinsdalen flyttar Hardanger BTK no til Torpe Møbelfabrikk i Øystese. Me har i første omgang inngått ein eitt-årig leigeavtale frå 1. august med Torpe Eigedom AS, men begge partar håpar på eit langt og godt samarbeid.

I Steinsdalen har me hatt gode år i gymsalen på tidlegare Norheimsund yrkesskule. Klubben har hatt flott auke i både antal aktive medlemer og aktivitet medan me har vore der. Me takkar utleigar Dalatunvegen AS for godt samarbeid!

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Hardanger BTK flyttar til Torpe Møbelfabrikk

Støtte frå Elsa og Svein Iversens legat!

Hardanger BTK har motteke 6000,- i støtte frå Elsa og Svein Iversens legat! Støtta skal gå til prosjektet «Bordtennis for alle!».

Også dei siste to åra har me fått støtte frå dette legatet. Me takkar Elsa og Svein Iversens legat for at dei støttar oss også i år!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Støtte frå Elsa og Svein Iversens legat!

Lyderhornspretten 2026

Helga 05.-06. september arrangerer Laksevåg BTK årets utgåve av Lyderhornspretten i Alvøen idrettshall i Bergen.

Laurdagen er det mogleg å delta i to klassar, og det kostar mellom 160 og 210 kroner å delta i dei ulike klassane. Det er klassar for alle aldersgrupper.

Sundagen kan ein delta i ein klasse og det kostar mellom 140 og 230 kroner å delta i dei ulike klassane. Denne dagen vert det arrangert rankingklassar og rekruttklasse.

Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 31. august.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

Me gjer merksam på at Torgdagen i Norheimsund – der klubben truleg skal ha stand – vert arrangert laurdag 05. september.

NB: Alle som er fødd i 2014 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje rekruttklassen.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Lyderhornspretten 2026

Hyggjeleg besøk frå Tyskland

Frå venstre: Liam, Murad, Håvard, René, Jeannette, Mohamad og Jens

Hardanger BTK fekk måndag eit kjekt besøk av to hyggjelege bordtennisspelarar – Jens og René – som var på bubilferie i Noreg. Etter nesten to veker på Vestlandet hadde dei funne ut av det var vanskeleg å finna utebordtennisbord under tak og utan vind.. Difor tok dei kontakt med oss. Dei vart med både på open hall på dagtid og ei ekstra treningsøkt på ettermiddagen. Det vart lange økter, og me var minst seks timar i hallen denne dagen. Jens var trenar i klubben deira; SC Wentorf nær Hamburg. Begge kom med gode råd og tankar om bordtennis.

Me fekk også beskjed om at me var hjarteleg velkomne på besøk til klubben deira! Sjølv takkar me Jens og René for besøket, og ynskjer dei velkomne tilbake ein annan gong!

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Hyggjeleg besøk frå Tyskland

Statistikk

Under «Statistikk A-lag» i menyen øvst på sida finn du ei oversikt over alle som har spela A-lagskampar for Hardanger Bordtennisklubb sidan oppstarten. Det vil seia at kampane som vart spela medan klubben heitte Norheimsund Bordtennis også er med.

Statistikken er no oppdatert slik at alle kampar til og med sesongen 2025-2026 er med.

Styreleiar Håvard Markhus toppar med 230 A-lagskampar.

Murad Basem Farah var den einaste spelaren som debuterte på A-laget denne sesongen. Det er no til saman 76 namn på lista.

Denne sesongen fekk Kristian Sørheim pokal for å ha oppnådd 25 A-lagskampar.

NM-statistikk for Hardanger BTK finn du under «NM-statistikk» i menyen øvst på sida. Her var det ingen endringar denne sesongen.

I statistikken finn du oversikt over alle NM-medaljar som medlemer av klubben har teke. I tillegg er ein del femteplassar med i statistikken. Medaljar og plasseringar frå Stiga 11-ern og frå tida då klubben heitte Norheimsund Bordtennis er også med.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Statistikk

Til topps i Bergen!

Frå venstre: Lamar, Liam, Murad, Rayan, Mohamad og Brinsat

Hardanger BTK stilte med fem deltakarar under Heros Sommarcup i Haukelandshallen i Bergen laurdag. I herrar E vart det rein Hardanger-finale, etter at både Mohamad Basem Farah og Liam Amir Jamal kjempa seg fram til finalen. Der var Mohamad best. Dermed sikra han seg ein klassesiger i tredje turnering på rad, medan Liam fulgte opp med ein sterk andreplass. Våre andre deltakarar; Murad, Lamar og Brinsat Basem Farah viste gode prestasjonar, men gjekk ikkje vidare frå puljespelet.

Hardanger BTK gratulerer Mohamad med førsteplass og Liam med andreplass!

Neste turnering er truleg Lyderhornspretten i Bergen helga 05.-06. september.

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Til topps i Bergen!

Jeannette fortset som styremedlem i Region Vest!

Jeannette Huttenlocher fortset som styremedlem i Region Vest etter regionstinget i Haugesund sist laurdag. Jeannette har sete i regionsstyret dei siste to åra, og no vart ho vald for to nye år. Dermed vert Hardanger BTK framleis representert i styret!

Me ynskjer Jeannette og resten av styret lukke til med arbeidet i regionen!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Jeannette fortset som styremedlem i Region Vest!

Sommarferie!

Hardanger BTK har no teke sommarferie.

Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 måndagar og torsdagar fortset gjennom sommaren. Alle er velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Dei andre faste tidene utgår i ferien, men det vil likevel vera mogleg å spela for alle som vil. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i hallen etter kvart som dette vert bestemt. Alle er velkomne når det er folk i hallen, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer å verta informert om når det vert folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.

Me minner elles om at det er utebord i parkar og ved skular i Norheimsund og Øystese.

Info om når dei faste treningane og dei andre dagane med open hall startar opp att kjem når dette er klart. Elles så vil det dukka opp diverse nyhende både på hbtk.no, på den opne facebooksida og i den interne facebookgruppa i løpet av sommaren.

Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god sommar!!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sommarferie!

Vellukka avslutningar!

Mange var til stades då Sparebanken Norge delte ut pengar til klubben under sommaravslutninga på dagtid torsdag.

Hardanger BTK sine sommaravslutningar på kveldstid onsdag og dagtid torsdag vart svært vellukka! Nærare tredve personar var til stades i hallen til saman. Dei frammøtte kosa seg med blant anna pølser, vafler og kake. Mange slo også nokre slag bordtennis. Det var god stemning, og dei frammøte var svært nøgde med arrangementa! Høgdepunktet var då Sparebanken Norge delte ut 100 000,- til klubben under avslutninga på dagtid torsdag. Sjå eiga sak om det.

Me takkar alle som bidrog under arrangementa!

Klubben har no teke sommarferie. Info om moglegheita til å spela også i sommar kjem seinare.

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vellukka avslutningar!