Skribentarkiv: havard

Open hall sundag utgår

Det vert ikkje open hall sundag 18. februar grunna avviklinga av Norheimsund Open dagen før.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Open hall sundag utgår

Dugnad i samband med Norheimsund Open 2024

Laurdag 17. februar er det klart for årets utgåve av Norheimsund Open i Norheimsund idrettshall. I samband med arrangementet treng me hjelp av medlemer, føresette og andre. Ein del har allereie teke på seg oppgåver!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Dugnad i samband med Norheimsund Open 2024

Årsmøte

Det vert årsmøte i Hardanger Bordtennisklubb i Hardanger Bordtennishall onsdag 13. mars 2024 kl. 1800. Vanlege årsmøtesaker. Forslag til saker kan sendast til post@hbtk.no seinast 28. februar. Vel møtt! NB. Det vert open hall for vaksne og ungdomar som vanleg kl. 19.00.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Årsmøte

Haugesund Open 2024

Laurdag 16. mars arrangerer Haugesund BTK årets utgåve av Haugesund Open i Skåredalen idrettshall i Haugesund. I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar og det kostar mellom 100 og 160 kroner å delta i dei ulike … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Haugesund Open 2024

Viktig siger i 4. divisjon!

Hardanger BTK sitt førstelag spela måndag sesongens åttande kamp i 4. divisjon. Fjell 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. HBTK slo til med ein sterk og noko overraskande 7-3-siger! HBTK stilte med Håvard Markhus, Lars Henrik Mo og Aodne Valland. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Viktig siger i 4. divisjon!

Sikra opprykk!

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon spela laurdag to kampar på heimebane i Hardanger Bordtennishall. Bergen PIL 4 og Heros 4 var motstandarar. Etter kampane er det klart at HBTK 3 vert serievinnar i 5. divisjon og rykkjer … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sikra opprykk!

37 år!

I dag er Hardanger Bordtennisklubb 37 år! Klubben vart starta 02. februar 1987 av Amund Leiren, Sølve Skutlaberg, Håvard Markhus og Vidar Sangolt. Me har markert bursdagen med utdeling av twist på treningane denne veka. Det vert også twist til … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på 37 år!

Fleire seriekampar på heimebane

Laurdag og måndag er det heimekampar i Hardanger Bordtennishall i 4. og 5. divisjon. Laurdag 03. februar er det heimekampar i 5. divisjon. Hardanger 2 og Hardanger 3 skal møta Bergen PIL 4 og Heros 4. Dei to første kampane … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Fleire seriekampar på heimebane

Endringar i treningstider

Klubben har gjort nokre endringar i treningstidene tysdagar. Dei nye tidene er slik: 18.00-19.00 Trening for born  18.00-19.30 Trening for ungdomar 19.30-21.00 Open hall for vaksne Treningar og open hall dei andre dagane i veka fortset som før.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Endringar i treningstider

Fire NM i vår!

I løpet av våren vert fire NM arrangerte: NM for senior på Lillehammer 22.-24. mars. Påmeldingsfrist 14. februar. NM for junior, eldre junior og B-NM (senior) i Bergen 26.-28. april. Påmeldingsfrist 23. mars. NM for veteranar i Kristiansand 24.-26. mai. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Fire NM i vår!