Skribentarkiv: havard
Tre poeng i 4. divisjon!
Hardanger BTK sitt førstelag spela laurdag sesongens sjette og sjuande kamp i 4. divisjon. Heros 3 og Fjell 3 var motstandarar i Haukelandshallen i Bergen. Begge kampane var svært spanande og jamne.
Skulebesøk i Norheimsund
Torsdag og fredag gjennomførte Hardanger BTK skulebesøk på Norheimsund skule. Sjuandeklassane og sjetteklassane fekk prøva bordtennis. Hardanger BTK stilte mannsterke: Håvard Markhus, Jan Visser, Jardar Fykse, Liam Amir Jamal, Mohamad Basem Farah, Felix van der Leest og Gustav Korshavn Vikesdal … Les meir
HBTK 3 vann internkamp
Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon møttest onsdag til internkamp i Hardanger Bordtennishall. HBTK 3 vann 7-3. HBTK 3 stilte med Gustav Korshavn Vikesdal, Levi Mong og Felix van der Leest. Sigrane kom ved Gustav (3), Levi (2) … Les meir
Internkamp onsdag
Onsdag 17. januar vert det kamp mellom Hardanger BTK 2 og Hardanger BTK 3 i 5. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Kampen startar kl. 17.30. Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera … Les meir
Flott innsats i regionalt stemne!
Fire spelarar representerte Hardanger BTK i eit regionalt stemne i Haukelandshallen i Bergen laurdag. Denne turneringa føregjekk i eit litt anna format enn det som er vanleg. I rankingklasse 2 vann Aodne Valland tre av fire kampar i puljespelet. Han … Les meir
Viktig informasjon om NM for yngre, Stiga 11-ern og mogleg Sverige-tur
Helga 31.mai-02. juni arrangerer Skien BTK NM for yngre og Stiga 11-ern i Skien Fritidspark i Skien. Arrangementet er aktuelt for spelarar som er født i 2008-2013. Hardanger BTK planlegg ein tur til Sverige – mest truleg Gøteborg – 06.-10. august. Tidspunktet … Les meir
Trening fredag utgår
Det vert ikkje trening fredag 12. januar grunna arrangement.
Norheimsund Open 2024 – info til eigne medlemer
Laurdag 17. februar arrangerer Hardanger BTK Norheimsund Open i Norheimsund Idrettshall. I dette stemnet er det mogleg å delta i tre klassar, men sidan me også skal arrangera turneringa må me begrensa antal klassar ein del av oss deltek i. For … Les meir
Invitasjon Norheimsund Open 2024
Hardanger BTK inviterer til ei ny utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open laurdag 17. februar. Invitasjonen finn du her. Me gjer merksam på at grunna anleggsarbeid er det begrensa med parkeringsplassar i området rundt Norheimsund idrettshall, og ein må … Les meir
Godt nytt år!
Me i Hardanger Bordtennisklubb ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener eit godt nytt år!! Treningane startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første trening vert onsdag 03. januar.