Kategoriarkiv: Ymse

KM og RM for veteranar 2026

Laurdag 29. august arrangerer Stord BTK årets kretsmeisterskap og regionsmeisterskap for veteranar i Stord Bordtennishall på Stord. I dette stemnet er det mogleg å delta i fleire klassar. Det er både singel, dobbel og lagklassar. Det kostar 250 kroner å … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på KM og RM for veteranar 2026

Hardanger BTK flyttar til Torpe Møbelfabrikk

Etter fire år i Steinsdalen flyttar Hardanger BTK no til Torpe Møbelfabrikk i Øystese. Me har i første omgang inngått ein eitt-årig leigeavtale frå 1. august med Torpe Eigedom AS, men begge partar håpar på eit langt og godt samarbeid. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Hardanger BTK flyttar til Torpe Møbelfabrikk

Støtte frå Elsa og Svein Iversens legat!

Hardanger BTK har motteke 6000,- i støtte frå Elsa og Svein Iversens legat! Støtta skal gå til prosjektet «Bordtennis for alle!». Også dei siste to åra har me fått støtte frå dette legatet. Me takkar Elsa og Svein Iversens legat for … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Støtte frå Elsa og Svein Iversens legat!

Lyderhornspretten 2026

Helga 05.-06. september arrangerer Laksevåg BTK årets utgåve av Lyderhornspretten i Alvøen idrettshall i Bergen. Laurdagen er det mogleg å delta i to klassar, og det kostar mellom 160 og 210 kroner å delta i dei ulike klassane. Det er klassar for alle aldersgrupper. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Lyderhornspretten 2026

Hyggjeleg besøk frå Tyskland

Hardanger BTK fekk måndag eit kjekt besøk av to hyggjelege bordtennisspelarar – Jens og René – som var på bubilferie i Noreg. Etter nesten to veker på Vestlandet hadde dei funne ut av det var vanskeleg å finna utebordtennisbord under … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Hyggjeleg besøk frå Tyskland

Statistikk

Under «Statistikk A-lag» i menyen øvst på sida finn du ei oversikt over alle som har spela A-lagskampar for Hardanger Bordtennisklubb sidan oppstarten. Det vil seia at kampane som vart spela medan klubben heitte Norheimsund Bordtennis også er med. Statistikken er no … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Statistikk

Til topps i Bergen!

Hardanger BTK stilte med fem deltakarar under Heros Sommarcup i Haukelandshallen i Bergen laurdag. I herrar E vart det rein Hardanger-finale, etter at både Mohamad Basem Farah og Liam Amir Jamal kjempa seg fram til finalen. Der var Mohamad best. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Til topps i Bergen!

Jeannette fortset som styremedlem i Region Vest!

Jeannette Huttenlocher fortset som styremedlem i Region Vest etter regionstinget i Haugesund sist laurdag. Jeannette har sete i regionsstyret dei siste to åra, og no vart ho vald for to nye år. Dermed vert Hardanger BTK framleis representert i styret! Me … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Jeannette fortset som styremedlem i Region Vest!

Sommarferie!

Hardanger BTK har no teke sommarferie. Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 måndagar og torsdagar fortset gjennom sommaren. Alle er velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale. Dei andre faste tidene utgår i … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sommarferie!

Vellukka avslutningar!

Hardanger BTK sine sommaravslutningar på kveldstid onsdag og dagtid torsdag vart svært vellukka! Nærare tredve personar var til stades i hallen til saman. Dei frammøtte kosa seg med blant anna pølser, vafler og kake. Mange slo også nokre slag bordtennis. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vellukka avslutningar!