Månadsarkiv: april 2013

Velkomen til HBTK-TV!!

Til høgre i menyen over finn du no HBTK-TV. Der vil me leggja ut ulike videoar.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Video frå Lagsmeisterskapet!

Jack Feng har laga ein video frå årets lagsmeisterskap!  Me ser fram til å leggja ut fleire videoar frå Jack seinare!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Kjell og Håvard på temakveld

Norges Bordtennisforbund arrangerte fredag temakveld med fokus på kinatrening i Haukelandshallen i Bergen. Janne Berner var kurshaldar. Hardanger BTK stilte med Kjell Stordal og Håvard Markhus på kurset, der om lag 25 trenarar og spelarar deltok. Gøyt å plukka ballar, … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Seks lagsmeistrar kåra i dag!

Hardanger BTK arrangerte i dag sesongens lagsmeisterskap i Norheimsund idrettshall. Seks av dei atten deltakarane  vart lagsmeister! Det vil seie at ingen lukkast i å vinna meir enn ein klasse, sjølv om fleire hadde sjansen til det.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Treningstider frå og med veke 17

Laurdag er det lagsmeisterskap. Etter det ynskjer ein del av våre medlemer å ta ein pause fram til hausten. Andre ynskjer å trena mindre no når det går mot sommar. Det vert difor endring i treningstidene. Frå og med veke … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Støtt Hardanger Bordtennisklubb når du tippar!

Hardanger BTK oppmodar folk om å støtta oss gjennom grasrotandelen. Registerer du Hardanger Bordtennisklubb på spelekortet ditt hjå Norsk Tipping, vil klubben motta inntil  5% av summen du tippar for.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Lagsmeisterskap – tidsskjema og klassar

Laurdag 20. april arrangerer Hardanger Bordtennisklubb årets lagsmeisterskap i Norheimsund idrettshall. NB. Tidlegare stod det klubbmeisterskap her, men me har no retta til lagsmeisterskap, som er det namnet me har nytta tidlegare år. Det kostar kr 50,- å delta i … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Sølv og bronse til Kjell i veteran-NM!!

Kjell Stordal sikra seg både sølv og bronse under veteran-NM, som vart arrangert av Kongsvinger-klubben Kobra BTK i Charlottenberg i Sverige i helga! Hardanger-spelaren sikra seg først sølv i herrar dobbel 50 saman med Svein Folkeson frå Oslo-klubben Fokus. Vel … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Oppsummering seriespel sesongen 2012-2013

Hardanger BTK stilte med to lag i seriespelet sesongen 2012-2013. I 3. divisjon enda førstelaget på sjuande og sisteplass med fire poeng. Ni spelarar har spela på laget Desse er Jack Feng, Simon Feng, Håvard Markhus, Vegar Ljones, Aleksander Norheim, … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Uavgjort og sølv i 5. divisjon!

Hardanger BTK sitt andrelag spela fredag uavgjort 5-5 mot Heros 7 i Haukelandshallen i Bergen.  Dermed sikra Hardanger 2 seg andreplass og sølv i 5. divisjon! Me stilte med Terje Aksnes-Øystese, Lars Opheim og Sveinung Opheim. Sigrane kom ved Terje … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel