Månadsarkiv: mai 2013

Styret i Hardanger BTK

Torsdag var det årsmøte i Hardanger Bordtennisklubb i Norheimsund idrettshall. Styret ser slik ut etter årsmøtet: Leiar: Vidar Sangolt Nestleiar: Håvard Markhus Styremedlem: Endre Furu Varamedlem: Jack Feng.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Lars til topps på Stord!

Lars Opheim frå Hardanger BTK gjekk til topps i herrar E i Mai Cup på Stord laurdag! I finalen slo han faren Sveinung Opheim. Ti deltakarar var med. I herrar D vart det femteplass på dei to Hardanger-spelarane. Atten spelarar … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Flotte plasseringar til Hardanger BTK på Hatlestrand!

Sundag arrangerte Strand Ulv IL Pinsecup på Hatlestrand. Spelarar frå Hardanger BTK, Skjoldar BTK, Stord BTK, Strand Ulv IL og Bergen HIL deltok. Hardanger BTK stilte med ei rekkje spelarar, og våre medlemer hevda seg godt. I singelklassen gjekk det … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Vellukka stand på 17.mai i Bergen!

Hardanger BTK og Bergen HIL hadde salsstand på Festplassen under 17.mai feiringa i Bergen. Standen opna kl. 06.00 om morgonen, og me gav oss ikkje før kl. 21.30! Hardanger BTK stilte med seks medlemer. Me hadde svært godt besøk på … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Info om dei neste dagane

Torsdag 16. mai vert det ikkje trening grunna rigging til 17. mai-feiring i idrettshallen. Er du i Bergen 17. mai, bør du ta turen innom Bergen HIL sin salsstand på Festplassen. Der vil også medlemer i Hardanger BTK hjelpa til … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Årsmøte

Det vert årsmøte i Hardanger Bordtennisklubb i Norheimsund idrettshall torsdag 30. mai kl. 19.30. Vanlege årsmøtesaker. NB. Det vert vanleg trening for ungdomar og vaksne etter årsmøtet.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

To cupar i mai

Her kjem informasjon om to cupar i mai; ein på Hatlestrand og ein på Stord.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel