Månadsarkiv: mars 2014

Sterke HBTK-resultat i NM for yngre!

Hardanger BTK deltok i helga i NM for yngre i Bodø. Klubbens deltakarar oppnådde fleire sterke plasseringar! I gutar 15 lag vart me nummer elleve, medan både Jack og Simon Feng vart nummer sytten i gutar 15 singel.     … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Invitasjon Hardanger Sommarleir 2014

Hardanger BTK, Stord BTK og Bergen HIL inviterer til ein ny sommarleir i Norheimsund 4.-8. august. Invitasjonen finn du under  Sommarleir 2014 i menyen øverst på sida.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Treningane utgår torsdag 20. mars

Det vert ikkje trening torsdag 20. mars. Både treninga for born og mosjonstreninga utgår denne dagen.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

To 10-0-sigrar!

Hardanger BTK spela måndag to seriekampar i Bergen. Begge enda med soleklare 10-0-sigrar! I 4. divisjon møtte førstelaget Heros 5. Me stilte med Kjell Stordal, Jack Feng og Håvard Markhus. Alle vann sine tre singelkampar, og i tillegg vann Kjell/Jack … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

HBTK har kjøpt TT Coordinator

Hardanger BTK har no kjøpt inn dataprogrammet TT Coordinator, som er eit stemnearrangementsprogram.  Fredag hadde Anders Hovden opplæring i programmet. Jack Feng, Simon Feng, Ole Marcus Løkhammer, Endre Furu og Håvard Markhus var med  på opplæringa. I tillegg deltok Sverre … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Sterke plasseringar i Norheimsund Open!

Laurdag arrangerte Hardanger BTK årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som også var årets regionsmeisterskap i region vest. HBTK stilte med femten deltakarar i turneringa, og klubbens medlemer oppnådde mange sterke plasseringar!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Resultatliste Norheimsund Open 2014

Her kjem resultatlista frå Norheimsund Open 2014, som vart arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag. Stemnet var også årets regionsmeisterskap i region vest. Kun spelarar som kom vidare til sluttspelet er med på listene.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Informasjon til Hardanger BTK sine deltakarar i Norheimsund Open

Laurdag arrangerer Hardanger BTK årets utgåve av Norheimsund Open i Norheimsund idrettshall. Hardanger BTK deltek med heile seksten spelarar. Her fylgjer info vedrørande stemnet:

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Tidsskjema Norheimsund Open 2014

Her kjem tidsskjema for Norheimsund open 2014. Dersom mogleg vil me prøva å starta nokre av klassane som er sett opp kl. 15.00 tidlegare.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Deltakaroversikt Norheimsund Open 2014

74 deltakarar er påmelde til årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som vert arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag.  Stemnet er også årets regionsmeisterskap i region vest. Spelarar frå Randaberg BTK,  Skjoldar IL,  Stord BTK, Strand-Ulv IL, Hardanger BTK, … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel