Månadsarkiv: november 2014

Flott dugnadsinnsats sundag!

Hardanger Bordtennisklubb hadde sundag ansvar for billettsal og kafèdrift under arrangementet Trøkk! i amfisalen på Norheimsund skule. Klubben takkar både dei som bidrog under sjølve arrangementet og dei som stod for baking av bollar og kaker på førehand!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Nytt tap i 5. divisjon

Hardanger BTK sitt andrelag spela tysdag sesongens andre seriekamp i 5. divisjon. Motstandar var Heros 6, og som i sist kamp vart det 10-0-tap. Me stilte med Endre Furu, Iselin Stuve, Jonas Laupsa og Magnus Jensen Tolo. Endre var nærast … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Kjetil Sætre tilbake i Hardanger BTK!

Kjetil Sætre vart før helga klar for Hardanger BTK, etter å ha representert Stavanger BTK i ei rekkje sesongar. Kjetil har tidlegare budd i Norheimsund i seks år. Han var då både spelar og trenar i klubben vår, som då … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Solid poengfangst i 3. divisjon!

Hardanger BTK sitt førstelag spela i helga fire seriekampar i 3. divisjon i Stavanger. Etter å ha tapt sesongens første tre kampar, sikra me oss i helga seks av åtte moglege poeng! Det vart siger mot Haugesund, Skjoldar og Stavanger … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Klubb-t-skjorte

Det vert no mogleg å bestilla raud klubb-t-skjorte med klubblogo. T-skjorta kostar 100,-. Bestilling skjer hjå Håvard (91535549, havard@gloria.as) eller til ein av trenarane på trening.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Lisens

Alle spelarar født i 2002 eller tidlegare må ha betalt lisens for å kunna delta på stemner eller i seriespel. Dette gjeld ikkje dersom ein kun deltek i nybyrjarklassar eller i mindre turneringar som ikkje står på terminlista. Lisensen kostar … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

To turneringar i Bergen

Det vert arrangert to turneringar i Bergen før jul; Laksevågkruset og KM. Laurdag 22. november arrangerer Laksevåg BTK Laksevågkruset i Olsvik  idrettshall i Bergen. Det kostar mellom 80 og 130 kroner å delta i dei ulike klassane, og ein kan delta i tre … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Magnus, Roger og Iselin til topps i Bhil Cup!

Hardanger BTK stilte med åtte deltakarar i Bhil Cup i Stemmemyren Idrettshall i Bergen tysdag, og våre deltakarar oppnådde veldig gode resultat! I den yngste nybyrjarklassen vart det HBTK-medlemer på dei fire første plassane! Magnus Jensen Tolo slo Jannik Huttenlocher … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Bordtennis på Norheimsund skule

Måndag hadde begge femteklassane ved Norheimsund skule ein time med bordtennis. Roger Andersson og Håvard Markhus var på plass frå klubben og instruerte og reklamerte for idretten vår! Me har allereie fleire femteklassingar i klubben, men no håpar me på … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

HBTK har kjøpt inn meir utstyr

Hardanger BTK har kjøpt inn meir utstyr etter at me fekk ei ny pengegåve frå BKK tidlegare i haust. No har me kjøpt ein bordtennisrobot pluss 25 barrikadar. Me takkar nok ein gong BKK for støtta! Den nye roboten vart testa … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel