Månadsarkiv: november 2016

Knepen siger i 3. divisjon

Hardanger BTK sitt førstelag vann i dag 6-4 mot Laksevåg 2 i ein 3. divisjonskamp i Olsvikhallen i Bergen.  HBTK stilte med Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Jack Feng og Simon Feng. Dei to beste bordtennisnasjonane i verda gjennom tidene – Sverige og Kina – … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Reportasjar i samband med jubileumskamp

Hordaland Folkeblad var til stades under Håvard Markhus sin lagkamp nummer 200 i seriesystemet 12. november. Avisa laga ein videoreportasje, som du finn  her. Du finn også reportasjen under Hbtk-TV i menyen øverst på sida. Avisa trykte også ein heilsides reportasje i samband … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Hardanger BTK er seriemeister i 3. divisjon!

Hardanger BTK sitt førstelag vann i helga fire nye lagkampar i 3. divisjon. Dermed er det allereie klart at laget kjem til å vinna vår 3. divisjonsavdeling!  Sjølv om me skulle tapa dei tre siste lagkampane 10-0 vil ingen andre … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

40 000,- til NM frå Sparebankstiftinga Hardanger!!!!

Sparebankstiftinga Hardanger har støtta Hardanger BTK med 40 000,-!! Midlane er ei støtte til Senior-NM 2017.  Dette er den største pengegåva klubben vår har motteke nokon gong. Støtta er ein del av stiftinga sine utdelingar til allmennyttige føremål. Hardanger BTK takkar … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Namn på drakter

Nokre av medlemene våre har no fått trykt namnet sitt på ryggen på spelar- og overtrekksdraktene. Dersom fleire ynskjer dette er det fint om dei leverer draktene til Roger eller Iselinn seinast 24. november. Det vil vera mogleg å få … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

KM

Laurdag 10. desember arrangerer Sportsklubben Heros årets kretsmeisterskap i Haukelandshallen i  Bergen. I dette stemnet er det mogleg å delta i to singelklassar pluss dobbel, og det kostar mellom 110 og 160 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Statistikk A-lag

Under Statistikk A-lag i menyen finn du ein oversikt over alle som har spela a-lags-kampar for Hardanger Bordtennisklubb sidan oppstarten. Det vil seia at kampane som vart spela medan klubben heitte Norheimsund Bordtennis også er med. Statistikken er no oppdatert slik at … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Roger signerte 3-årskontrakt med HBTK!

Roger Andersson signerte laurdag ein 3-årskontrakt med Hardanger btk! Kontrakten gjeld fram til august 2019. Roger, som blant anna er svensk meister, kongepokalvinnar og mange gongar noregsmester, meldte overgang til Hardanger btk i sommar. Me i klubben er svært glade … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Håvard jubilerte då Laksevåg vart slått!

Hardanger btk sitt førstelag vann laurdag 10-0 mot Laksevåg 2 i ein 3. divisjonskamp i Norheimsund idrettshall. Dette var vår superveteran Håvard Markhus sin A-lagskamp nummer 200 for klubben vår!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Endre representerte HBTK i VM for veteranar

For andre gong har Endre Furu i helga representert Hardanger BTK i VM for veteranar. Litt forskjell var det likevel frå sist. I vår deltok han i Verdsmeisterskapen i Spania – i helga i Vestlandsmeisterskapen på Stord.. I VM i … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel