Månadsarkiv: mai 2017

Jack inn i regionsstyret!

Klubbleiar Jack Feng vart vald til styremedlem i Bordtennisregion Vest under regionstinget i Bergen tysdag. I det nye styret sit han saman med blant andre tidlegare HBTK-spelar Thomas Sætre. Anders Hovden, som er rekneskapsførar i Hardanger BTK, fortsett som styreleiar i … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Jack, Håvard og Roger på forbundsting

Jack Feng og Håvard Markhus representerte Hardanger BTK under årets forbundsting, som vart avvikla i Bergen i helga. Roger Andersson representerte Region Vest. Jack Feng vart som benkeforslag føreslått som varamedlem til styret i Norges Bordtennisforbund. Han fekk klart fleire stemmer … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Thomas og Jan Roger på landslaget!

Norges Bordtennisforbund har tatt ut både Thomas Låte og Jan Roger Andersson på det norske juniorlandslaget som skal representera Noreg under Nordeuropeisk Meisterskap i Tallin i Estland 26.-28. juni! To av dei seks uttekne spelarane representerer dermed Hardanger BTK! Me gratulerer … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Thomas og Jan Roger på forbundssamling

Thomas Låte og Jan Roger Andersson deltok sist veke på forbundssamling for junior i Oslo. Dei trena saman med forbundsgruppa på senteret på Fornebu. Dermed fekk dei ei rekkje kvalitetsøkter saman med resten av forbundsgruppa. Dette var tredje gongen denne … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Torsdagstreningar utgår

Det vert ikkje trening torsdag 18. mai (hallen er utleigd) og 25. mai (Kristi Himmelfartsdag). Nybyrjarane har si siste trening torsdag 11. mai (sjå eiga sak), medan me andre har ny torsdagstrening 1. juni. Tysdagstreningane går som vanleg desse vekene.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Roger noregsmeister!

Roger Andersson vart i helga noregsmeister i herrar singel 40 under veteran-NM i Trondheim! I finalen slo han tidlegare Frankrike-proff Christian Ibenfeldt 3-0. Roger sikra seg også sølv i mix dobbel 35, der han spela saman med Camilla Henriksen frå Langhus IL. Dei … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Avslutning for borna

Det vert avslutning for borna i klubben i Norheimsund idrettshall torsdag 11. mai kl. 17.00. Då vert det ulike bordtennisleikar, og det vert premiar til alle! Me ville gjerne hatt trening eit par torsdagar til, men hallen er oppteken torsdag … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

NM-bronse til Hardanger!!

Det vart bronse til Hardanger BTK i herrar junior lag under NM for eldre junior og junior, som vart arrangert i Oslo laurdag til måndag! Å ta medaljar i herrar junior lag i NM har vore eitt av dei store … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel