Månadsarkiv: juni 2017

Sølv til Thomas i Nordeuropeisk meisterskap!

Thomas Låte og Jan Roger Andersson representerte Noreg i Nordeuropeisk meisterskap, som vart avvikla i Haapslalu i Estland 26.-28. juni. I herrar junior lag spela Thomas på Noreg sitt førstelag, som vart nummer to. Me gratulerer Thomas og resten av … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Statistikk A-lag

Under Statistikk A-lag i menyen finn du ein oversikt over alle som har spela a-lags-kampar for Hardanger Bordtennisklubb sidan oppstarten. Det vil seia at kampane som vart spela medan klubben heitte Norheimsund Bordtennis også er med. Statistikken er no oppdatert slik at … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Oppsummering seriespel sesongen 2016/2017

Hardanger BTK stilte med to lag i seriespelet sesongen 2016-2017. Her kjem ei oppsummering av sesongen.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Det nærmar seg sommar…

Sommarferien nærmar seg. I Hardanger BTK har aktivitetsnivået vore høgt heilt fram til no. Sist torsdag arrangerte me Norheimsund Open, og i helga trente Jack, Simon, Thomas, Roger og Jan Roger laurdag og sundag. Denne veka er det også vanlege … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Jan Roger til Deaflympics!

Jan Roger Andersson er teken ut til å representera Noreg i Deaflympics i Samsun i Tyrkia i sommar! Deaflympics, som er verdas største idrettsarrangement for hørselshemma, vert arrangert 18.-30. juli. Noreg sender ein tropp på sju utøvarar som skal konkurrere i fem … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Vellukka Norheimsund Open!

Hardanger BTK arrangerte torsdagskveld årets utgåve av Norheimsund Open. 23 deltakarar frå fem klubbar deltok i ei vellukka turnering. Litt datakluss og mange jamne kampar gjorde at det vart ein sein kveld, men stemninga var likevel god! Pia Fosse Meling … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Deltakarliste Norheimsund Open 2017

Torsdag er det klart for årets utgåve av Norheimsund Open. 20 deltakarar frå 5 klubbar er påmeldte, noko me er godt nøgde med i og med at turneringa går på ein vekedag. Dersom fleire ynskjer å melde seg på, er … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Invitasjon Norheimsund Open 2017

Hardanger BTK arrangerer Norheimsund Open torsdag 15. juni. Her følgjer invitasjonen: Invitasjon Norheimsund Open 2017

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Torsdagstrening utgår

Det vert ikkje trening torsdag 8. juni grunna utleige. Treninga tysdag 6. juni går som vanleg. Det vert også treningar veka etter.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel