Månadsarkiv: november 2017

Thomas og Jan Roger på forbundssamling

Thomas Låte og Jan Roger Andersson deltok sist veke på forbundssamling for junior i Oslo. Dei trena saman med forbundsgruppa på senteret på Fornebu. Dermed fekk dei ei rekkje kvalitetsøkter saman med resten av forbundsgruppa.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

KM og RM for veteranar

Laurdag 9. desember arrangerer Stord BTK årets kretsmeisterskap og regionsmeisterskap for veteranar  i Stord Bordtennishall. I dette stemnet er det mogleg å delta i fleire klassar, og det kostar 100 kroner å delta i kvar klasse. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller Roger (40100194, … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Heavy Spin – Bordtennisturnering for ungdom – UTSETT

Hardanger BTK inviterer alle ungdomar i alderen 13-19 år til Heavy Spin – ei bordtennisturnering for ungdomar som ikkje er aktive bordtennisspelarar. Turnering vert tysdag 05. desember kl. 18-20 i Norheimsund Idrettshall. For at det skal verta turnering må minst … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Roger og Thomas til topps i Norgescup-stemne!

Roger Andersson og Thomas Låte gjekk til topps i kvar sin klasse under helgas Norgescup-stemne i Haukelandshallen i Bergen! Også andre HBTK-spelarar oppnådde sterke resultat i stemnet! Roger Andersson gjekk til topps i herrar elite, etter å ha slått Fredrik … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Skjoldar Cup

Laurdag  2. desember arrangerer IL Skjoldar  Skjoldar Cup i Skjold Arena på Vikaneset i Skjold. I dette stemnet er det mogleg å delta i to singelklassar, og det kostar mellom 100 og 150 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Roger og Simon kretsmeistrar!

Roger Andersson og Simon Feng vart kretsmeistrar då årets kretsmeisterskap for Hordaland vart arrangert i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen laurdag! Dei gjekk til topps i herrar dobbel etter å ha slått Gard og Brian Egenberg frå Heros 3-0 i finalen. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Vellukka arrangement hjå Sparebanken Vest!!

Tysdag møtte 30 medlemer opp då Sparebanken Vest og Hardanger BTK inviterte alle medlemer i klubben  til arrangement i banken sine lokale.  Dette var både eit jubileumsarrangement for klubben, som runda 30 år i år, og eit Takk for hjelpa-arrangement for … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel