Månadsarkiv: april 2018

Treninga utgår tysdag 1. mai

Det vert ikkje trening tysdag, sidan det er 1. mai og fridag.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Biletserie Veteran-NM

Vår klubbfotograf Piotr Kostrzewski tok mange flotte bilete under veteran-NM. Ein del av dei ser du her:                

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Thomas representerte Noreg i Belgia

Thomas Låte representerte det norske juniorlandslaget under Belgia Open i Spa i Belgia. 18.-21. april. Nivået i turneringa var svært høgt – med spelarar frå Asia og Europa. Thomas gjekk ikkje vidare frå puljespelet i singel, men hevda seg godt i consolation. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Ein fantastisk NM-sesong!

Etter å ha gjennomført ein strålande NM-sesong er Hardanger BTK denne sesongen ein av landets beste klubbar i NM-samanheng! Sju spelarar har teke NM-medalje. Totalt har klubben motteke tjue NM-medaljar fordelt på tolv ulike pallplasseringar! I dobbel og lag vil … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Beste NM nokon sinne – nok ein gong!

NM for juniorar i Bergen førre helg vart det beste NM for Hardanger BTK nokon sinne, men det heldt seg berre ei veke. Denne helga var det NM for veteranar i Charlottenberg i Sverige, og der gjorde klubben det enno … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Thomas i Belgia

Thomas Låte representerer Noreg i Belgium Junior & Cadet Open, som starta i dag. Me ynskjer Thomas lukke til med flagget på brystet! Her finn du streaming, seeding, trekning og resultat.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Lagsmeistrane er kåra

Hardanger BTK har den siste veka arrangert årets lagsmeisterskap i Norheimsund idrettshall. 23 deltakarar deltok til saman, noko me er veldig godt nøgde med!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Treningane utgår torsdag

Det vert ikkje treningar torsdag 19. april grunna arrangement. Me beklagar sein info om dette, men me fekk først melding om at hallen var utleigd i dag.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Nybyrjarstemne i Bergen

Laurdag 28. april arrangerer IL Fjellkameraterne nybyrjarstemne i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen.  Spelarane vert delt inn etter alder og styrke, og alle får spela minst fire kampar. Det kostar 70 kroner å delta. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Beste NM nokon sinne for Hardanger BTK!

Helgas NM for junior i Haukelandshallen i Bergen vart det resultatmessig beste NM for Hardanger BTK nokon sinne! Klubben sitt lag sikra seg bronse i herrar junior lag, det vart sølv til Thomas Låte og bronse til Jan Roger Andersson … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel