Månadsarkiv: mai 2018

Vellukka avslutning for borna!

Torsdag hadde borna i klubben avslutning. Trass i strålande vèr møtte heile atten born opp! Dei fekk prøva seg i fleire ulike leikar og konkurransar. Til slutt fekk alle is. Det vert no ikkje fleire eigne treningar for born før sommaren, men dei … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Avslutning for borna

Det vert avslutning for borna i klubben i Norheimsund idrettshall torsdag 31. mai kl. 17.30. Då vert det ulike bordtennisleikar, og det vert premiar til alle! Dersom nokon vil trena meir etter avslutninga vil det vera mogleg å gjera det … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Thomas representerte Noreg i Slovakia

Thomas Låte representerte det norske juniorlandslaget under Slovak Junior Open i Senec 17.-20. mai. Nivået i turneringa var svært høgt, med spelarar frå Europa, Asia, Nord-Amerika og Sør-Amerika.      

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Klubbilete

Det er no blitt lagt ut bilete frå klubbens 30-årige historie under «Biletealbum» i menyen over. Bileta vart vist under jubileumsfesten i lokalet til Sparebanken Vest i fjor haust.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Torsdagstreningar utgår 10. og 17. mai

Det vert ikkje trening torsdag 10. mai (Kristi Himmelfartsdag) og torsdag 17. mai. Dei andre treningane går som normalt desse vekene.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Fire på nybyrjarcup

Laurdag arrangerte IL Fjellkameraterne nybyrjarcup i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen. Sarah Rosseland, Rahiel Younis Osman, Rasas Younis Osman og Kari Grave Weagbah representerte Hardanger BTK i turneringa. Jentene kunne rapportera om fleire sigrar, sjølv om dei ikkje nådde heilt til … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel