Månadsarkiv: mars 2019

Eitt poeng i 4. divisjon

Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag to 4. divisjonskampar i Haukelandshallen i Bergen. Det enda med ein uavgjort og eitt tap. Forfall og utfordringar med å stilla lag gjorde at Erik Berge Saue gjorde eit gledeleg comeback ved bordtennisbordet etter mange års … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Spellemenn!!

I dag var planen til Hardanger BTK at Vegard Markhus skulle spela 4. divisjonskampar for oss i Bergen. I staden for reiste han til Oslo og vann Spellemannspris for årets barneplate saman med tidlegare HBTK-medlem Bjørnar Sangolt. Vegard og Bjørnar … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Endring i treningstider

Frå og med veke 14 vert det endring i treningstidene for vaksne og ungdomar torsdagar. Treninga vert no frå 18-20. Borna trenar fortsatt frå 18-19.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Årsmelding 2018

Årsmøtet i Hardanger BTK torsdag kunne slå fast at 2018 vart eit vellukka år for klubben!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Mange attvalde på årsmøtet

På torsdagens årsmøte vart det attval på heile styret, ein av varamedlemene samt revisor og valkomitè. Einaste skilnaden etter årsmøtet er at Tony Låte er ny varamedlem. Han erstattar Piotr Kostrzewski, som no bur i Polen.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Opprykk i Sverige!

Far og son Roger og Jan Roger Andersson tok denne helga med seg klubbkamerat Thomas Låte til Sverige for å spela seriespel for Kyrkhults BTK i 3. divisjon. Thomas debuterte for den svenske klubben, medan dei to andre har lang … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Sesongens første tap i 4. divisjon

Hardanger BTK sitt andrelag spela torsdag sesongens sjuande kamp i 4. divisjon. Laksevåg 4 kom på besøk til Norheimsund, og sørga for sesongens første tap for vår del. Ein jamnspelt kamp enda med 6-4 til bergensarane. HBTK stilte med Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen og … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Trening på Framnes tysdag 19. mars

Me har tidlegare skrive at det ikkje vert trening tysdag 19. mars grunna arrangement i Norheimsund idrettshall. No vert det likevel trening denne dagen, men treninga vert i den gamle gymsalen på  Framnes kristne vidaregåande skule. Treningstidene vert som vanleg: 17.00-18.00 Trening … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Årsmøte

Det vert årsmøte i Hardanger Bordtennisklubb i Norheimsund idrettshall torsdag 28. mars kl. 19.00. Vanlege årsmøtesaker. Vel møtt!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Aktiv HBTK-helg i fleire land!

Hardanger BTK har hatt ei aktiv helg i fleire land – i stemne i Noreg, seriespel i Sverige og på det slovenske meisterskapet.          

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel