Månadsarkiv: juni 2020

Sommarferie!

Hardanger BTK har no teke sommarferie. Sjølv om det ikkje er faste treningar framover, vil ein del av oss møtast for å spela i løpet av sommaren. Ta kontakt med Jan Visser (95559212) dersom du er interessert i å vera med på … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sommarferie!

Sølv til Aljaz i Slovenia!

Aljaz Godec, som representerer Hardanger BTK i eliteserien, tok i helga sølv i den slovenske meisterskapen i herrar senior lag saman med sine lagkameratar i Ravne Na Koroskem! Det melder hans klubbkamerat både i Noreg og Slovenia; Vegar Ljones. Me … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sølv til Aljaz i Slovenia!

Aodne nummer tre i Bergen

Hardanger BTK stilte med to deltakarar i Heros Sommarcup, som vart arrangert i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen laurdag. Aodne Valland vart nummer tre blant fire deltakarar i Herrar F. Han spela også svært jamt og tok sett mot dei to … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Aodne nummer tre i Bergen

Mange attvalde på årsmøtet

På onsdagens årsmøte vart det mange attval. Leiar, nestleiar og styremedlemer i styret tok attval, medan styret fekk to nye varamedlemer. I valkomitèen tok alle attval, men komitèen vart utvida med ein varamedlem. Elles vart det no vald kontrollkomitè i staden … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Mange attvalde på årsmøtet

Treningstider veke 25

Denne veka har me gjennomført treningar tre dagar, og framleis er det godt oppmøte! Neste veke vert det trening onsdag og torsdag. Tysdagstreninga utgår grunna heradsstyremøte i idrettshallen. Me minner elles om årsmøte onsdag og sommarcup i Bergen laurdag. Sjå … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Treningstider veke 25

Årsmøte

Det vert årsmøte i Hardanger Bordtennisklubb i Norheimsund idrettshall onsdag 17. juni kl. 20.00. Vanlege årsmøtesaker. Vel møtt!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Årsmøte

Treningstider veke 24

Denne veka har me gjennomført ein cup for dei yngste og tre treningar med godt oppmøte! Også neste veke vert det trening tre dagar.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Treningstider veke 24

Sommarcup i Bergen

Laurdag 20. juni arrangerer Sportsklubben Heros Sommarcup i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen. I dette stemnet er det mogleg å delta i to singelklassar, og det kostar mellom 100 og 150 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sommarcup i Bergen

Endeleg turnering!

Etter tre månader utan turneringar er det endeleg mogleg å konkurrera igjen! Tysdag arrangerte Hardanger BTK ei lita klubbturnering for dei yngste. Sju born deltok, og alle fekk medalje. Gustav Korshavn Vikesdal gjekk til topps etter å ha slått Felix … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Endeleg turnering!