Månadsarkiv: november 2020

Tredjeplass til Roger!

Roger Andersson vart nummer tre i laurdagens eliteturnering i Olsvikhallen i Bergen! Laksevåg Invitasjonsturnering vart arrangert av Laksevåg BTK og Norges Bordtennisforbund, og samla tolv av landets beste herrespelarar. Roger vart nummer to i puljespelet. I kvarten slo han Wang … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Tredjeplass til Roger!

Eliteturnering laurdag

Laurdag 28. november arrangerer Laksevåg BTK og Norges Bordtennisforbund Laksevåg Invitasjonsturnering i Olsvikhallen i Bergen. Roger Andersson, Thomas Låte og Jan Roger Andersson deltek i turneringa, og dermed er tre av tolv deltakarar frå Hardanger BTK. Deltakarane spelar om ein … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Eliteturnering laurdag

Treningar

Alle treningar går framleis som normalt i Hardanger BTK. Kvam herad tilrår at det ikkje er treningar i lagidrettar for vaksne, men sidan me ikkje driv lagidrett omfattar ikkje denne tilrådinga oss.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Treningar

Stort utval i klubbutstyr!

Hardanger BTK har no fått nettbutikk hjå Supporter.no. Det betyr at alle som vil enkelt kan bestilla til dømes ryggsekk, paraply, mobildeksel og diverse klede med klubblogo her. Klubben får delar av overskotet av det som vert handla. Alle medlemer … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Stort utval i klubbutstyr!

Bordtennis på idrettsskulen!

I løpet av dei siste vekene har to ulike grupper frå Kvam LSK sin idrettsskule hatt kvar si økt med bordtennis. Til saman har om lag tjue born frå 2.-5. klasse fått prøva bordtennis. Hardanger BTK stilte med fleire instruktørar … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Bordtennis på idrettsskulen!

Lingalaks AS fortset som hovudsponsor for Hardanger BTK!

Hardanger BTK kan med stor glede melde om at Lingalaks AS fortset som hovudsponsor for klubben denne sesongen! Dette vil vera synleg på spelar- og overtrekksdrakter, på nettsida, på arrangement og i andre samanhengar. Lingalaks har vore hovudsponsor for klubben … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Lingalaks AS fortset som hovudsponsor for Hardanger BTK!

Smittevern

Me i Hardanger BTK er opptekne av smittevern. Norges bordtennisforbund sine koronavettreglar og Norges idrettsforbund sitt koronavettkurs finn du her. Me oppfordrar alle til å sjå på dette.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Smittevern