Månadsarkiv: juni 2022

Sommarferie!

Hardanger BTK har no teke sommarferie. Me avslutta vårsesongen med ei veke med veldig godt oppmøte på treningane i sist veke! Sjølv om det ikkje er faste treningar framover, vil ein del av oss møtast for å spela i løpet av … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sommarferie!

Oppsummering seriespel sesongen 2021/2022

Hardanger BTK stilte med to lag i seriespelet sesongen 2021-2022. Førstelaget vart nummer seks i eliteserien. Andrelaget vart nummer fem i 4. divisjon. Her kjem ei oppsummering av sesongen.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Oppsummering seriespel sesongen 2021/2022

NM-statistikk

NM-statistikk for Hardanger BTK finn du under «NM-statistikk» i menyen øvst på sida. Statistikken er no oppdatert slik at alle medaljar og plasseringar til og med sesongen 2021-2022 er med. I statistikken finn du oversikt over alle NM-medaljar som medlemer av … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på NM-statistikk

A-lagsstatistikk

Under Statistikk A-lag i menyen øvst på sida finn du ei oversikt over alle som har spela A-lagskampar for Hardanger Bordtennisklubb sidan oppstarten. Det vil seia at kampane som vart spela medan klubben heitte Norheimsund Bordtennis også er med. Statistikken er no … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på A-lagsstatistikk

Thomas Låte til Stord BTK

Thomas Låte har meldt overgang tilbake til moderklubben Stord BTK etter seks suksessrike sesongar i Hardanger BTK. I klubben vår har Thomas blant anna vore med på den historiske reisa som førte førstelaget vårt frå 3. divisjon til eliteserien etter … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Thomas Låte til Stord BTK

Vellukka NM for yngre og Stiga 11-ern for Hardanger BTK!

Hardanger BTK sine tre deltakarar gjorde sine saker bra under NM for yngre og Stiga 11-ern i Haukelandshallen i Bergen i helga! Gustav Korshavn Vikesdal, Hallvard Valland Nordheim og Felix van der Leest representerte klubben vår i konkurranse med vel … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vellukka NM for yngre og Stiga 11-ern for Hardanger BTK!

Klart for NM for yngre og Stiga-11-ern!

Denne helga er det klart for NM for yngre og Stiga 11-ern i Haukelandshallen i Bergen! Arrangementet startar med lagklassar fredag, men Hardanger BTK deltek kun laurdag og sundag. Resultatservice, tidsskjema og link til Direktesport sine sendingar med meir finn … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Klart for NM for yngre og Stiga-11-ern!

Treningar veke 22-23

Me har på kort varsel fått beskjed om at Norheimsund idrettshall er stengt for trening torsdag 02. juni. Det vert difor ikkje trening denne dagen. I staden for vert det mogleg å trena fredag 03. juni kl. 1700-1900 for dei … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Treningar veke 22-23