Månadsarkiv: desember 2022

Godt nytt år!

Me i Hardanger Bordtennisklubb ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener eit godt nytt år!! Treningane startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første trening vert tysdag 03. januar.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslåttGodt nytt år!

Aktiv romjul i hallen!

Det har vore mykje aktivitet i Hardanger Bordtennishall i romjula. To spelarar frå det austerriske døvelandslaget har vitja oss. Dei har trena med Jan Roger Andersson, som utgjer det norske døvelandslaget, og trenar Roger Andersson to økter kvar dag. Dette … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Aktiv romjul i hallen!

God jul!

Hardanger BTK har no teke juleferie. Det gjorde me etter ei vellukka juleavslutning på kinarestauranten i Norheimsund onsdag. Treningane startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første trening vert tysdag 3. januar. Det vert ingen vanlege treningar i ferien. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslåttGod jul!

Norheimsund Open 2023 – info til eigne medlemer

Laurdag 11. februar arrangerer Hardanger BTK Norheimsund Open i Norheimsund Idrettshall. I dette stemnet er det mogleg å delta i tre klassar, men sidan me også skal arrangera turneringa må me begrensa antal klassar ein del av oss deltek i. For … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Norheimsund Open 2023 – info til eigne medlemer

Invitasjon Norheimsund Open 2023

Hardanger BTK inviterer til ei ny utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open laurdag 11. februar. Invitasjonen finn du her. Informasjon til Hardanger BTK sine medlemer om turneringa vert lagt ut seinare.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Invitasjon Norheimsund Open 2023

Gustav og Marie vart årets julegrisar!

Tysdag arrangerte Hardanger BTK årets utgåve av den tradisjonsrike julegristurneringa i Norheimsund. Dette er ei turnering der spelarane byrjar med pluss og minuspoeng etter nivå for å få jamnast mogleg kampar. Atten spelarar deltok.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Gustav og Marie vart årets julegrisar!

KM og RM for veteranar 2022

Onsdag 28. desember arrangerer Stord BTK og BTK-90 årets kretsmeisterskap og regionsmeisterskap for veteranar i Stord Bordtennishall. I dette stemnet er det mogleg å delta i fleire klassar, og det kostar 100 kroner å delta i kvar klasse. Påmelding skjer … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på KM og RM for veteranar 2022

Sandar og Erik til topps i KM!

Hardanger BTK stilte med sju spelarar i årets kretsmeisterskap, som vart arrangert i gamlehallen i Stord idrettspark laurdag. Våre deltakarar oppnådde fleire flotte resultat!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sandar og Erik til topps i KM!

Støtt Hardanger Bordtennisklubb gjennom grasrotandelen!

Hardanger BTK oppmodar alle om å støtta oss gjennom grasrotandelen. Dersom du registrerer Hardanger Bordtennisklubb på spelekortet ditt hjå Norsk Tipping, mottek klubben inntil 7 % av summen du tippar for – utan at det går utover din innsats, premie eller vinnarsjanse! … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Støtt Hardanger Bordtennisklubb gjennom grasrotandelen!

Julegåvetips – Supporter.no og MX Sport

Supporter.no Hardanger BTK har nettbutikk hjå Supporter.no. Det betyr at alle som vil enkelt kan bestilla til dømes ryggsekk, paraply, mobildeksel og diverse klede med klubblogo på supporter.no/HBTK. Klubben får delar av overskotet av det som vert handla. MX Sport Øystese gjev … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Julegåvetips – Supporter.no og MX Sport