Månadsarkiv: desember 2023

Godt nytt år!

Me i Hardanger Bordtennisklubb ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener eit godt nytt år!! Treningane startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første trening vert onsdag 03. januar.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Godt nytt år!

God jul!

Hardanger BTK har no teke juleferie. Det vert ingen vanlege treningar i ferien. Det vil likevel verta mogleg å spela også i ferien. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på God jul!

Liam og Dag Ivar vart årets julegrisar!

Tysdag og torsdag arrangerte Hardanger BTK årets utgåve av den tradisjonsrike julegristurneringa i Norheimsund. Dette er ei turnering der spelarane byrjar med pluss og minuspoeng etter nivå for å få jamnast mogleg kampar. Fjorten spelarar deltok.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Liam og Dag Ivar vart årets julegrisar!

Mohamad til topps!

Fire spelarar representerte Hardanger BTK i årets kretsmeisterskap, som vart arrangert i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen laurdag. I den eldste nybyrjarklassen gjekk Mohamad Basem Farah heilt til topps etter å ha vunne alle kampane! Ein av kampane vann han 3-2. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Mohamad til topps!

Vellukka klubbmeisterskap!

Hardanger BTK har dei siste vekene gjennomført årets klubbmeisterskap i Hardanger Bordtennishall. 26 deltakarar i alderen 4 (!) til 86 (!) år deltok. Over åtti års alderskilnad på deltakarane i eit klubbmeisterskap er det kanskje ikkje så mange som slår? Håvard … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vellukka klubbmeisterskap!

Julegristurnering og juleferie

I veke 51 arrangerer Hardanger BTK vår tradisjonsrike julegristurnering. Tysdag 19. desember vert det turnering for barn kl. 18-19, medan vaksne og ungdomar si turnering vert kl. 19-20.30. Torsdag 21. desember vert det turnering for føremiddagsgruppa kl. 11-12.30. Det er … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Julegristurnering og juleferie

Regionalt stemne

Laurdag 13. januar arrangerer Sportsklubben Heros eit regionalt stemne i Haukelandshallen i Bergen. I dette stemnet vert spelarane delte inn etter rankingpoeng, og ein kan kun delta i ein klasse. Nybyrjarar spelar i ein klasse og alle andre i ein … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Regionalt stemne

Siger og uavgjort i 5. divisjon!

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon spela laurdag heimekampar mot Laksevåg 5 i Hardanger Bordtennishall. HBTK 2 spela uavgjort 5-5, medan HBTK 3 vann 7-3.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Siger og uavgjort i 5. divisjon!

Vellukka juleavslutning!

Onsdag hadde me juleavslutning for ungdomar og vaksne på kinarestauranten i Norheimsund. Me fekk servert buffet med masse god mat! Sjølv om vår tradisjonsrike juleavslutning på kinarestauranten vart litt tidleg i år, vil treningane fortsetja utover i desember.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vellukka juleavslutning!

Seriekampar på heimebane

Laurdag 09. desember er det heimekampar i 5. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger 2 møter Laksevåg 5 kl. 13.00. Når den kampen er ferdig møter Hardanger 3 bergensarane. Vel møtt til alle som vil koma for å sjå på kampane! … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Seriekampar på heimebane