Månadsarkiv: april 2024

Heiderleg innsats i NM!

I helga var det NM for junior og eldre junior med innlagte B-klassar for senior i Haukelandshallen i Bergen. Laurdagen stilte fire spelarar frå Hardanger BTK. Alle viste heiderleg innsats.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heiderleg innsats i NM!

Støtt Hardanger Bordtennisklubb gjennom grasrotandelen!

Hardanger BTK oppmodar alle om å støtta oss gjennom grasrotandelen. Dersom du registrerer Hardanger Bordtennisklubb på spelekortet ditt hjå Norsk Tipping, mottek klubben inntil 7 % av summen du tippar for – utan at det går utover din innsats, premie eller vinnarsjanse! … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Støtt Hardanger Bordtennisklubb gjennom grasrotandelen!

Bergen PIL Open 2024

Helga 11.-12. mai arrangerer Bergen PIL årets utgåve av Bergen PIL Open  i Stemmemyren idrettshall i Bergen. Laurdagen kan ein delta i ein singelklasse og ein dobbelklasse. Det er eigne rekruttklassar i singel. Dette er eit nytt namn på det som tidlegare … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Bergen PIL Open 2024

Ny siger i 4. divisjon!

Hardanger BTK sitt førstelag spela måndag sesongens siste kamp i 4. divisjon. Bergen PIL 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Me vann 6-4 i ein svært jamnspelt lagkamp! Dermed har me vunne dei to siste kampane denne sesongen med 6-4! … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Ny siger i 4. divisjon!

Heimekamp i 4. divisjon i dag!

Måndag 22. april er det klart for sesongens siste heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Bergen PIL 3 kl. 18.30. Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heimekamp i 4. divisjon i dag!

Flott innsats i regionsmeisterskap!

Fem spelarar representerte Hardanger BTK og viste flott innsats i årets regionsmeisterskap, som vart arrangert i gamlehallen i Stord Idrettspark laurdag. I damer dobbel var Iselinn Stuve nære regionsmeistertittelen. Saman med makker Kariann Mæland frå Stord BTK tapte ho ein … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Flott innsats i regionsmeisterskap!

Heimekamp i 4. divisjon UTSETT!

Måndag 08. april er det klart for sesongens siste heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Bergen PIL 3 kl. 18.30. Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heimekamp i 4. divisjon UTSETT!