Månadsarkiv: august 2024

GBS ny generalsponsor for Hardanger BTK

Hardanger BTK kan med stor glede melde om at GBS Entrepenør AS vert generalsponsor for klubben den neste sesongen! Dette vil vera synleg både på våre spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar. GBS har vore hovudsponsor for klubben dei siste … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på GBS ny generalsponsor for Hardanger BTK

Treningstider og info

Under «Treningstider» finn du no våre faste treningstider. Tidene gjeld frå og med veke 35. Same stad finn du også annan info om treningane våre. Under «Medlemsinfo» finn du mykje annan informasjon for deg som vil vera med i klubben … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Treningstider og info

Taide Sport vitja Hardanger BTK

Torsdag hadde Hardanger BTK vitjing av Frank Martiniussen frå Taide Sport. Frank var til stades både på open hall på dagtid og treninga om kvelden. Han fekk møta mange av medlemene våre, og ein del av dei frammøtte nytta høve … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Taide Sport vitja Hardanger BTK

Støtte frå Sparebanken Vest til klubbtur!

Hardanger BTK har motteke 7500,- frå Sparebankstiftinga Sparebanken Vest sitt Eldsjelfond! Støtta skal gå til klubbtur. Sparebanken Vest har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år, og me gler oss over at dei framleis vil vera dette! Me takkar Sparebanken Vest … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Støtte frå Sparebanken Vest til klubbtur!

Treningstider veke 34

I veka 34 vert treningstidene dei same som i sist veke. Det vert trening til fylgjande tider: Tysdag: kl. 18.00-19.30 Trening for alle Torsdag: kl. 11.00-12.30 Open hall for pensjonistar og andre kl. 18.00-19.30 Trening for alle Sundag: kl. 17.30-19.00 Open … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Treningstider veke 34

Deltok på leir

Stord BTK arrangerte bordtennisleir på Stord 07.-11. august. Mohamad Basem Farah og Liam Amir Jamal frå Hardanger BTK deltok på leiren. Dei fekk fem dagar med mykje god trening under leiing av den svenske trenaren Christian Bjørklund. Dei hadde også … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Deltok på leir

Treningstider veke 33

I veka 33 startar skulane opp att. Dei faste treningstidene kjem seinare, men i veke 33 vert det trening til fylgjande tider: Tysdag: kl. 18.00-19.30 Trening for alle Torsdag: kl. 11.00-12.30 Open hall for pensjonistar og andre kl. 18.00-19.30 Trening … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Treningstider veke 33

Sesongmelding 2023-2024

Her kjem sesongmelding for sesongen 2023-2024. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du oppdagar feil eller manglar i sesongmeldinga.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sesongmelding 2023-2024