Månadsarkiv: november 2024

Vellukka klubbmeisterskap!

Hardanger BTK har dei siste vekene gjennomført årets klubbmeisterskap i Hardanger Bordtennishall. 21 deltakarar i alderen 7 til 87 (!) år deltok. Åtti års alderskilnad på deltakarane i eit klubbmeisterskap fortel om ein idrett som passar for dei fleste!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vellukka klubbmeisterskap!

Open hall – men ikkje Vaffelsundag

Første sundag i kvar månad arrangerer Hardanger BTK Vaffelsundag med sal av blant anna kaffi og vafler. Sundag 01. desember vert det IKKJE Vaffelsundag grunna andre arrangement. Ein del av våre ivrigaste spelarar og vaffeletarar deltek i Stiga Norges Cup i … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Open hall – men ikkje Vaffelsundag

Klubbmeisterskap – oppdatering

Hardanger BTK gjennomførte sist veke klubbmeisterskap i gutar/jenter 15 år, herrar/damer open, golden girls og herrar/damer dobbel. Golden boys vart utsett. Klassen vil verta arrangert i Hardanger Bordtennishall torsdag 28. november kl. 11.00. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) eller … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Klubbmeisterskap – oppdatering

Klubbutstyr og t-skjorter – viktig info!

Under Klubbutstyr i menyen øvst på sida finn du info om drakter, t-skjorter, Supporter.no, racket og anna utstyr samt rabattavtale med MX Sport Øystese. Me sender snart ei bestilling på raude klubb-t-skjorter med klubblogo og sponsorlogoar. T-skjorta kostar 100,-. Dersom … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Klubbutstyr og t-skjorter – viktig info!

Uavgjort i 4. divisjon

Hardanger BTK sitt førstelag spela fredag sesongens fjerde kamp i 4. divisjon. Bergen PIL 2 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Kampen enda 5-5. HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Håvard (2), Aodne … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Uavgjort i 4. divisjon

Heimekamp i 4. divisjon

Fredag 22. november er heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Bergen PIL 2 kl. 18.30. Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera plass til å … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heimekamp i 4. divisjon

Siger i 5. divisjon!

Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag sesongens første kamp i 5. divisjon. Heros 4 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Vårt unge lag vann 7-3 mot det langt meir rutinerte Heroslaget! HBTK stilte med Liam Amir Jamal, Felix van der Leest … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Siger i 5. divisjon!

KM 2024

Helga 14.-15. desember arrangerer Stord BTK årets kretsmeisterskap i bordtennishallen i Stord idrettspark. Laurdagen er det singel og dobbelklassar for senior og singelklassar for junior. Det vert ikkje arrangert til dømes herrar D eller herrar E. Sundagen er det aldersbestemte … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på KM 2024

Heimekamp i 5. divisjon

Laurdag 16. november er det klart for serieopning i 5. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt andrelag møter Heros 4 kl. 12.00. Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera plass … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heimekamp i 5. divisjon

Juleavslutning

Tysdag 03. desember vert det juleavslutning for alle som vil i Hardanger Bordtennishall kl. 18.00. Påmelding skjer til Bente Maubach (95004190, bente@hbtk.no) seinast 22. november. Gje også beskjed om eventuelle allergiar. Det vert servert taco, julekaker, kaffi, brus m.m. Ta … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Juleavslutning